Nørve barnehage

Nørve barnehage

Nørve barnehage er ein flott barnehage med lyse og trivelege lokale og eit variert og kupert uteområde. Ute har vi blant anna grillhytte og akebakke, og det er kort veg til både byfjellet og fjøra, så vi er mykje på tur. 

Foto få utsida til Nørve barnehage - Klikk for stort bilete

Pedagogikk

Nørve barnehage sitt motto er

«Omsorg og læring- ja takk begge deler.»

Vi er opptatt av å skape eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø, og vi vil at dagane skal vere prega av omsorg, leik og læring.

Vi ønsker at barna som går på Nørve barnehage skal oppleve den gode barndommen, og vi meiner den finst i leik, leikande samspel og gode relasjonar.

Barnehagen deltek no i eit utviklingsarbeid der vi har fokus på leikemiljøa våre og korleis vi kan legge til rette for god språkutvikling blant alle barna. Det fysiske miljøet er “den tredje pedagogen”. Eit gjennomtenkt miljø, som også barna har vore med på å utvikle, er viktig for leik, læring, samhandling, opplevingar og for at barna skal få nye erfaringar.

I leiken lærer barn blant anna sosial kompetanse, dei samhandlar med andre, knytte vennskap, løyse konflikter m.m. Dei utviklar språket sitt både verbalt og nonverbalt, og opplev glede og meistring. Difor ser vi det som ei av våre viktigste oppgåver å få alle barna med i leik og samspel saman med andre barn.

Vi jobbar også med å kvalitetssikre kvardagsaktivitetane våre, og har eigne mål og metodar for

  • Velkomst/avskjed
  • Kvile/soving
  • Påkledning
  • Samling
  • Turar
  • Måltid
  • Hygiene/stell
  • Dokumentasjon og vurdering
  • Barn sin medverknad

Det er mykje god læring som skjer i desse situasjonane, og vi ønsker at barn og foreldre skal bli møtt på ein god måte gjennom heile dagen, uavhengig av kven som er på jobb/korleis vi har det.

Elles prøver vi å legge til rette for barna sine eigne val, sjølvstendig tenking, toleranse og medverknad. Vi jobbar også bevisst og målretta med læring av sosial kompetanse og danning.

Vi har små barnegrupper, og eit stabilt og engasjert personale. Kvart år tek vi imot to lærlingar og studentar frå Høgskulen i Volda. Dette gir oss ekstra hender, men også masse gode tips og idear  - og det gir oss faglege oppdateringar. 

Nørve barnehage blei miljøsertifisert i 2022 og vant arbeidsmiljøprisen for 2022 i Ålesund kommune. I tillegg blei vi årets lærebedrift 2021, så her opplev vi at vi har eit godt og lærande miljø for små og store. 

Vi er nære på og glade i å vere ute i naturen. Vi ønsker at barna blir glade i naturen, får gode opplevingar og utviklar respekt og forståing for korleis dei tek vare på naturen.  Alle "Nørvisar" går på tur frå dei er om lag to år, med eigen sekk med mat og drikke. 

Alle avdelingane jobbar også med prosjektarbeid: Gjennom dette arbeidet bruker vi alle fagområda, vi brukar barna sin medverknad samt dreg inn lovverk vi jobbar etter. 

Årsplan

Du kan lese meir om kvardagsaktivitetar, sosial kompetanse, danning og leik i årsplanen vår. Der kan du også lese om tradisjonane våre og fagleg opplegg.

Avdelingar

Nørve barnehage er inndelt i tre avdelingar. Avdelingane har eige opplegg, og sender kvar månad ut månadsbrev til foresette med info om turar og opplegg. 

  • Mauren (1-åringar) har fokus på kvardagsaktivitane og i år jobbar dei også med “Lille Larven Aldrimett”. 
  • Humla (2-åringar) har fokus på meg sjølv og kjenslene våre. 
  • Marihøna (3-6 -åringar) har fokus på vennskap og sosial kompetanse, i tillegg til barn andre stadar i verda gjennom "Forut". 

Førskoleklubb

Førskulebarna har også eiget opplegg med symjetrening på Bybadet, masse turar, kino, bytur, besøk på Atlanterhavsparken med meire. Det skal vere litt ekstra stas å vere eldst. 

Dei har også skuleførebuande aktivitetar om tal, mengde, preposisjonar, bokstavar og liknande. Vi øver også på å rekke opp handa, halde oss til tema, vente på tur og konsentrasjon.

Opningstider

Nørve barnehage er open kvar dag frå kl 07.00 til 16.45. 

Barnehagen er stengt jul- og nyttårsaften, samt planleggingsdagar. Onsdag før skjærtorsdag er vi ope til kl. 12.00.

Barnehagen er stengt i tre veker i sommarferien, som blir fastsatt etter drøfting i barnehagen sitt samarbeidsutval, og spørjeundersøking blant foreldra. Sommaren 2023 er vi stengt i vekene 28, 29 og 30.  

Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår.

Kontakt

Besøksadresse: Bøgata 39

Verksemdsleiar: Marthe Lundemo

Leiar: Elin Ostnes

Telefon:
Styrar: 70 16 24 95
Humla: 46 86 48 34
Marihøna: 46 85 06 94
Mauren: 91 11 72 14

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/norve-barnehage

Besøk oss gjerne på instagram: norvebarnehage

Til toppen