Visjon og verdiar

Ålesund kommune sin visjon, vårt motto og våre verdiar.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Visjon

Ålesund kommune sin visjon er:

Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet, og lokal identitet.

Lokal identitet er eit fundament for mangfald og skaparkraft. Mangfald og skaparkraft gir attraktivitet. Attraktivitet gir tiltrekkingskraft. Tiltrekkingskraft gir nasjonal slagkraft.

Ålesund kommune vil:

  • vere sterkare motvekt mot sentralisering til dei store landsdelssentera (Oslo, Bergen, Trondheim mv.).
  • drive meir heilskapleg og overordna planlegging.
  • få på plass framtidsretta løysingar for samferdsel som vil binde regionen saman.
  • ha større tyngde som pådrivar for å styrke forskings- og utdanningsinstitusjonane.
  • arbeide strategisk som medspelar for å styrke og utvikle næringslivet og nyskaping i regionen.
  • få større kapasitet til å vere innovativ og tenke strategisk for nyskaping.
  • arbeide aktivt med å førebygge og handtere kriser og katastrofar.
  • ta ansvar for nye oppgåver som krev spisskompetanse.
  • utvikle kvaliteten på tenestene og servicen til innbyggarane.
  • styrke og utvikle mangfaldet i kulturlivet.
  • Ålesund by skal vere det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim.

Motto

Vårt motto er:

Det vi skal, skal vi vere gode til. Det vi vil, skal vi tore å gjere noko med.

Verdiar

Våre verdiar er:

Open, engasjert, modig.

Open

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune er:

  • lyttande og har tid til folk.
  • gode til å samarbeide.
  • løysingsorienterte og nytenkande.

Engasjert

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune har:

  • innbyggarane sitt beste for auge.
  • oppdatert kunnskap om arbeidsfeltet sitt og samfunnet.
  • respekt for andre sin kompetanse og ståstad/meiningar.
  • arbeidsglede og humor.

Modig

Tilsette og politikarar i Ålesund kommune skal:

  • våge å satse
  • prøve ut aktuell teknologi og nye måtar å gjere ting på.
  • tenke langsiktig og våge å prioritere.
  • opne opp for ulikheiter og hindre utanforskap.