Målform - skriftspråk

Ålesund er ein språknøytral kommune.  Det betyr i veldig stor grad å vere tospråkleg, at både bokmål og nynorsk er synlege skriftspråk. 

Vedtatt målform i Ålesund kommune

Sak om målform ble behandlet  av Ålesund kommunestyre 7. desember 2023. Dette er vedtaket: 

  1. Ålesund kommunestyre vedtar at ein går tilbake til å praktisere språknøytralitet på den måten tidlegare Ålesund kommune før 2019 gjorde det.  
  2. Kommunen skal jobbe med klart språk knytt til begge skriftspråk.
  3. For at Ålesund kommune skal oppfattast som ein språknøytral kommune føreslår kommunedirektøren at vi ikkje gjer eit vedtak om kva språk staten skal nytte i sin skriftlege kommunikasjon med oss.  
  4. Kommunedirektøren føreslår at kommunen melder seg ut av Landssamanslutninga for nynorskkommunar av økonomiske omsyn.
  5. Skolekretsen avgjer språkforma om nye skilt eller namn på kommunale bygningar eller liknande.
  6. Ålesund kommune skal bruke, utvikle og styrke norsk språk.
  7. Kommunen bør følge den gode skikken med å svare innbyggarane på same skriftspråk som dei brukar når dei tar kontakt.
  8. Ålesund kommune har ein lang tradisjon for at vegnamn og skilt er på både nynorsk og bokmål. Omsynet til at språk er ein identitetsfaktor gjer at kommunen skal halde på denne tradisjonen.

Språklova forpliktar det offentlege

Språklova er ei norsk lov med føremål å styrkje norsk språk og fremje likestilling mellom dei norske språka bokmål og nynorsk. Lova gir òg vern og status til dei andre språka i Norge som staten har ansvar for. Dette gjeld samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. 

Språklova tok til å gjelde frå 1. januar 2022 og avløyste mållova frå 1981. Lova gjeld for alle offentlige organ: sentrale og regionale statsorgan, fylkeskommuner og kommuner. 

Dette betyr at det framleis vil vere både nynorsk og bokmål å sjå i kommunikasjonen vår, sjølv om vi er språknøytral kommune.

Du kan ikkje reservere deg mot ei målform

Ålesund kommune vil bruke både nynorsk og bokmål i sin kommunikasjon ut til deg som er innbyggar. 

Det er for eksempel ikkje slik at innbyggarane kan reservere seg mot informasjon på nynorsk eller bokmål. I perioden 2020 til 2023 var Ålesund ein nynorskkommune. I ein rekkje datasystem er det difor gjort eit val om at språkinnstillingane skal vere på nynorsk. Det lar seg ikkje veksle om til bokmål utan bruk av mykje ressursar. For å vere språkleg korrekt er det anbefalt likt skriftspråk på alt tekstinnhald på slike system. Informasjon til deg som innbyggar frå desse systema, som til dømes faktura, vil difor vere på nynorsk.

Når du tek kontakt med oss skriftleg skal vi som tilsette gjere vårt beste for å svare på same skriftspråk.

Målform på nettstaden alesund.kommune.no 

Nettstaden alesund.kommune.no blei oppretta hausten 2019 då vi var ein nynorskkommune. Språkvalet i løysinga er difor nynorsk og innhaldet er også på nynorsk. Det er bestemt at kommunen ikkje skal bruke midlar på å oversette nettstaden.

Bokmål vil bli brukt på nokre nyheitsartiklar.  

Språket privat og på den lokale skolen 

Vanlege innbyggarar kan naturleg nok bruke det skriftspråket dei til ei kvar tid har lyst å bruke.  Skolar held fram med det språket som er valt for den enkelte skolen. Dersom det i nærmiljøa kjem initiativ til å endre kva skriftspråk ein skole skal bruke, må saka behandlast politisk og avgjerast endeleg i kommunestyret.