Rådgivande eining for russaker

Etablering av Rådgivande eining for russaker er heimla i helse- og omsorgstenestelova § 3-9.

I staden for bot eller fengselsstraff kan personar som blir tatt for bruk, erverv eller innehav av mindre mengder narkotika til eigen bruk, bli pålagt å møte for den kommunale rådgivande eininga (jf. straffelova § 37-k).  

Den rådgivande eininga skal gi personen rettleiing, råd og generell informasjon om helsefare og risiko ved rusmiddelbruk. Eininga skal og informere personen om moglege og relevante hjelpetiltak. Ved samtykke skal eininga bistå personen til vidare hjelp, oppfølging eller tilvising, basert på behov av tiltak/teneste.
Eininga skal utføre rusmiddeltesting dersom dette er sett som vilkår av påtalemakta.

Rådgivande eining i Ålesund kommune er organisert som ein funksjon lagd til fagpersonar i ulike tenester. Saker til eininga vil bli vurdert og fordelt ut frå kva som sannsynlegvis vil vere beste tilpassing/tilgjenge for personen.

Kontaktopplysningar

  • Postadresse: Rådgivande eining for russaker, Familiestøttande teneste, Borgundfjordvegen 116, 6017 Ålesund
  • Digital post
  • Kontaktperson: Randi Vartdal Knoff