Housing First - butilbod for bustadslauseHousing First er ein modell for varig busetting av bustadslause som har rusmiddelavhengigheit og/eller psykiske problem. Her kan personar, også dei som ikkje er rusfri, ta kontakt for å få tildelt eigna bustad. Kva er Housing First? Prinsippet i Housing First-modellen er: Valfridom og brukarstyring Respekt, varme og medkjensle Separasjon mellom bustad og tenester Ordinær leigekontrakt Spreidd busetting Skadereduksjon - det er ingen krav om rusfridom Korleis få tilbodet? Kriteriane for deltaking i tenestetilbodet Housing First er følgande: Du må ha etablert ein rusavhengigheit og/eller rus- og psykiatriliding Du har vore bustadslaus over ei periode på omlag eitt år Du har problem med å halde på ein bustad Du er heimehøyrande i Ålesund kommune Vil du vite meir? Er du usikker på om tenesta kan vere noko for deg eller ein du kjenner? Vil du vite meir om Housing First? Ta kontakt, så vil vi hjelpe deg: E-post: Housing-first@alesund.kommune.no Telefon: 409 13 982 / 408 23 508 Besøksadresse: Fjellgata 49, 1. etasje. Ansvarleg for tenesta Psykisk helse og rus Sist endra 30.12.2022 09.55