Pårørande ved kreft

Å leve tett innpå nokon som slit med sjukdom er krevjande. Roller blir endra, kvardagslivet sine rutinar blir forandra og samspelet mellom dykk blir utfordra. Som pårørande vil du støtte og hjelpe den som er sjuk, samtidig som resten av familien skal takast vare på. Men, den som er sjuk og øvrig familie treng at du har fokus på deg sjølv og di helse.

I ein slik situasjon kan det være nyttig å snakke med andre som kan gi faglege råd eller som har vore i same situasjon.

Sjå oversikt over tilbod, aktivitetar og kurs for pasientar og pårørande.

I Ålesund har vi kreftkoordinatorar som du kan kontakte for å få hjelp.

I samarbeid med den andre i kreftomsorga i kommuna, skal kreftkoordinator sikre:

  • Rådgiving og informasjon til befolkninga:
    Førebygging og helseopplysning
  • Heilskapleg omsorg:
    Kreftkoordinator skal vere til hjelp for å koordinere og leggja til rette kvardagen til kreftramma og deira pårørande.
  • Ei samanhengande teneste der bistand og oppfølging frå ulike etatar er samkøyrde:
    Kreftkoordinator skal bidra til gode rutinar og system for kreftomsorg i kommuna.
  • God kompetanse blant helsepersonell som arbeider med kreftomsorg:
    Kreftkoordinator skal bistå med undervisning, rettleiing og refleksjon.

Kreftkoordinator kan bidra med:

  • Samtalar, råd og rettleiing til pasientar og pårørande
  • Oversikt over relevante tilbod og tenester
  • Førebyggjande tiltak og opplysning om kreft
  • Sorgarbeid og oppfølging av etterlatne
  • Undervisning, råd og rettleiing til helsepersonell

Kontaktinformasjon kreftkoordinator:

 

Ansvarleg for tenesta