Velferdsteknologi

Ålesund skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibaserte løysingar. Det er fordi kommuna ønskjer å gi innbyggarane raske og effektive tenester, som er tilpassa deira behov.

Velferdsteknologi gjeld òg dei som treng hjelp til å klare seg i kvardagen. Dei skal ha like stor rett som andre til å ta del i den utviklinga som skjer i samfunnet og dei nye moglegheitene som blir tilgjengelege. 

Vi arbeider no med å tilpasse og utvikle tenestene i kommunane, til ei framtid med ein aukande del yngre og eldre som har behov for samansette tenester. Dette gjer det nødvendig å tenke nytt og innovativt, både av innbyggarane og av kommuna:

  • Innbyggarane kan sjølv planlegge og leggja til rette for alderdommen. Ved behov blir det søkt om støtte til ombyggingar og tiltak i heimen.  
  • Kommuna skal passe på at dei menneskelege ressursane blir brukt til å gi omsorg og ikkje til oppgåver som kan gjerast meir effektivt ved hjelp av teknologi og digitale løysingar.   

Velferdsteknologi er ein viktig del av digitaliseringa av helse- og omsorgstenestene. Innføringa av desse teknologiane vil føre til endringar i tenestene til brukarane. Dette arbeidet må skje på ein trygg og god måte, der ein tek omsyn til tryggleik, personvern og brukarane sine ønskjer og behov.

Ålesund er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet for å gjere dette arbeidet så godt som mogleg. Programmet er i regi av Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og KS (kommunane sin interesseorganisasjon).

Målet for programmet er at velferdsteknologi skal vere ein naturleg del av helse- og omsorgstenestene. Kommunar som er med i programmet er sikra tilgang til erfaringar frå andre kommunar, rettleiing frå styresmaktene og kompetanse frå innleigde konsulentselskap.

Ansvarleg for tenesta