Låne hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel i dagleglivet?

Kort fortalt

  • Har du nedsett funksjonsevne kan du få låne hjelpemiddel.
  • Treng du hjelpemiddel ein kort periode (under to år), kan du låne frå kommuna.
  • Treng du hjelpemiddel over ein lengre periode må du søke om å låne frå NAV.

Ulike hjelpemiddel kan hjelpa deg til å fungere godt i kvardagen trass vanskar med å utføre daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting. Det kan vere hjelpemiddel til personleg stell, tilrettelegging i barnehage, skule eller arbeid, hjelpemiddel for rørsle, syn- og høyrsel med meir.

Kva kan du låne?

Du kan låne krykker, rullator, rullestol, seng, hjelpemiddel til bad, dusj og toalett med meir. I tillegg har vi og eit variert utval av andre hjelpemiddel.

Kortvarig behov for hjelpemiddel

Kven kan låne?

Alle som bur og oppheld seg i Ålesund kommune kan låne hjelpemiddel. Behovet for hjelpemiddel må vere mellombels, inntil to år.

Pris

Sjå pris for korttidsutlån av kommunale hjelpemiddel.

Slik låner du

  1. Bestille
    Ta kontakt med Teknisk hjelpemiddelservice i Ålesund kommune
    •    Besøksadresse: Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund.
    •    Telefontid kl. 09.00 - 15.00: 70 16 48 60
    •    Opningstid for besøkande: Måndag -fredag kl. 10.00 - 14.00.
    Om du har heimeteneste så kan dei òg hjelpa deg med å formidle behovet ditt for hjelpemiddel.
  2. Hente
    Vi oppmodar alle som har høve til det om sjølv å hente og levere enkle og lette hjelpemiddel i Blindheimsbreivika 10. For henting og levering av hjelpemiddel som krev utkøyring – kontakt oss for avtale.
  3. Levere tilbake
    Låneperioden er i utgangspunktet tre månader. Ved utlån pliktar du deg til å ta vare på hjelpemiddelet og sørge for at det blir levert tilbake som avtalt.

Opplæring i bruk av hjelpemiddel ved kortvarig behov

Du kan få nødvendig opplæring i bruken av hjelpemiddelet hos Teknisk hjelpemiddelservice i Ålesund kommune. Du har òg sjølv eit ansvar for lære deg å bruke hjelpemiddelet.

Langvarig behov for hjelpemiddel

Har du langvarig behov for hjelpemiddel (over to år) kan du låne frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Kva kan du låne?

Sjå kva du kan låne i NAV sin Hjelpemiddeldatabase

NAV Hjelpemiddel dekkjer ikkje alle produkta i Hjelpemiddeldatabasen. Du må kanskje kjøpe nokre sjølv eller låne på andre måtar.

Kva kostar det?

Til vanleg blir det ikkje gitt støtte til hjelpemiddel som finst i vanleg handel, men du kan få støtte til ekstrautstyr, eller nødvendig tilpassing for å kunne ta hjelpemiddelet i bruk.

Husbanken (gjennom innbyggartorget eller Ålesund kommunale Eigedom KF) kan gi tilskot og lån til utbetring av bustad.

Slik låner du

Når du eller nokon av dine næraste får behov for eit hjelpemiddel, ta kontakt med kommunehelsetenesta der du/dei bur. Vanlegvis er det heimetenesta, ein ergoterapeut, fysioterapeut, PP-tenesta eller legen din som hjelper deg med å søkja.

Dersom du treng hjelpemiddel på arbeidsplassen, tek du kontakt med arbeidsgivaren eller bedriftshelsetenesta.

NAV lokalt kan óg hjelpe til, dersom du er i eit attføringsopplegg. Sjå korleis søke om hjelpemiddel frå NAV.  

Reparasjon

Dersom det blir nødvendig å reparere hjelpemiddelet, ta kontakt med Teknisk hjelpemiddelservice.

Saksbehandlingstid

Kommuna/NAV Hjelpemiddelsentral har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal òg ha opplysningar om når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Ansvarleg for tenesta