Veterankontakt

Veteranar er norske statsborgarar som har deltatt eller deltar i fredsbevarande, fredsopprettande eller statsbyggande innsats i andre land frå utanriks-, justis- og/eller forsvarssektoren.

Veterankontakt i kommuna

Veterankontakta skal bidra til å lette tilgangen til offentlege tenester for veteranane og deira familiar, samt vere ein inngangsportal til kommuna sine tilbod. Samtidig skal kontakta vere ein ressurs for kommuna sine tilsette og kunne lette samarbeidet mellom ulike kommunar, og med frivillige organisasjonar.

Veterankontakt for Ålesund kommune er Bjørn Arild Hatlem. Han finn du på Ålesund rådhus.

Veterankontakt

Forsvaret si veteranteneste (FVT)

Forsvarets opne dør for veteranar og veteranfamiliar er der for deg. Både veteranar og veteranfamiliar er velkomne til å sende e-post til veteraner@mil.no eller ringe 800 85 000 – uavhengig av når og kvar tenesta var.

Her møter du eit tverrfagleg team med både militært og sivilt tilsette. Teamet har lang erfaring med å gi råd og rettleiing til veteranar og deira familiar. Dei fleste er også sjølv veteranar frå internasjonale operasjonar

Aktuelle lenker:

NVIO - Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (lokalavdeling Sunnmøre)

Forsvaret - tilbod og aktivitetar for veteranar

Ansvarleg for tenesta