Førebyggande heimebesøk 75+Geriatriske sjukepleiarar tilbyr heimebesøk og samtale til deg som er 75 år eller eldre og som ikkje mottar helse- og omsorgstenester frå kommunen. Dei kan også tilby andre tiltak og gi informasjon. Kva skjer i heimebesøket? Gjennom førebyggande heimebesøk ønsker vi å styrke dine moglegheiter til å bu trygt heime lengst mogleg og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag. Tema i samtalen med ein geriatrisk sjukepleiar er tilpassa deg og dine behov, og kan for eksempel vere: Tilbod og aktivitetar i Ålesund kommune Kvardagsliv og sosialt nettverk Eigne ressursar og meistring Fysisk aktivitet Kosthald Tryggheit i heimen Buforhold Hjelpemiddel Vi som kjem på heimebesøk er geriatriske sjukepleiarar. Som helsepersonell har vi teieplikt. Kvifor heimebesøk? Du som no er frisk og greier deg utan hjelp, kan få råd og tips som kan komme til nytte i framtida. Ved behov for tenester eller hjelpemiddel kan vi hjelpe til i søknadsprosessen. Du kan også gi oss innspel til korleis kommunen kan vidareutvikle helsefremmande tiltak. Pris Dette er et lavterskeltilbod til heimebuande eldre og pårørande. Tilbodet er gratis. Vil du vite meir/ta kontakt? Både seniorar og pårørande kan ta kontakt dersom dei har spørsmål. Geriatrisk sjukepleiar tar sjølv kontakt med personar over 75 år. Anne Roald Annette Haugen Vibeke Jannicke Nygård Ansvarleg for tenesta Førebygging og meistring Sist endra 24.04.2023 14.54