Kva
Det er gruppetrening for deg som er over 65 år og bur heime. Du kan gå utan hjelpemiddel inne, men opplever at balansen og styrken i beina ikkje er som før.
Hovudfokus er styrketrening for bein og balansetrening. Vi trener for det meste ståande og litt sittande. Du kan støtte deg til ein stol ved behov.
Gruppene blir leia av frivillige instruktørar som er kvalifiserte gjennom Sterk og stødig instruktørkurs. Fysioterapeutar er rettleiarar for instruktørane, og administrerer tilbodet i kommuna.
Kor og når
Treninga er innandørs i ditt nærmiljø og du må komme deg til/frå treninga sjølv.
Det er lagt opp til kaffi og prat etter treninga. Meir informasjon om dette får du lokalt, hos den enkelte gruppe og instruktør.
Gruppene følgjer skuleåret, og har fri når skulane har ferie.
Stad | Dag | Klokkeslett | Oppstart |
Ålesund, Nørve, Borgundvn. 162 B | Måndag | 12.30-13.30 | 02.09.24 |
Sjøholt, Ørskoghallen | Måndag | 14.00-15.00 | 19.08.24 |
Harøy, Harøy skule | Onsdag | 11.00-12.00 | 04.09.24 |
Ålesund, Blindheimsbreivika 10 | Onsdag | 11.00-12.00 | 04.09.24 |
Ålesund, Blindheimsbreivika 10 | Onsdag | 12.15-13.15 | 04.09.24 |
Ålesund, Aspøy omsorgssenter | Tysdag | 12.00-13.00 | 20.08.24 |
Påmelding og pris
Du kan få uforpliktande gratis prøvetime, dersom det er ledig plass.
Ta kontakt med Sterk og stødig i Ålesund kommune på 90 97 25 46 (måndag-fredag 09.00-14.00).
Påmelding: Fyll ut registreringsskjema som du får av instruktøren.
Pris: kr 300,- per halvår. Faktura blir sendt i post, vår og haust.
Vil du bli instruktør?
Sterk og stødig er eit populært tilbod, og vi har behov for å starte fleire grupper. Vi treng derfor fleire instruktørar.
Vi leitar etter deg som
- er glad i å bevege deg
- liker å jobba med andre
- er senior eller er ledig på dagtid
- ønskjer å leia ei treningsgruppe
Du som vil bli instruktør får
- instruktørkurs
- hefte med øvingar
- hjelp med igangsetting av gruppe
- rettleiing av fysioterapeut
- førstehjelpskurs og fagleg påfyll
- nye vennskap
Instruktørkurs
Vi har i samarbeid med Haram kommune, instruktørkurs to gongar i året, på nyåret og tidleg haust. Kurset er gratis, og vi håper at du ønskjer å bli med på laget.
Kursdagar til hausten blir:
- Påmeldingsfrist måndag 02.09.24
- Påmelding via e-post: sterkogstodig@alesund.kommune.no
- Stad: Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund
- Torsdag 05.09.24: ½ dag forkurs (informasjon om kurset, gjennomgang av BASIS e-læring og bli kjent med instruktørane)
- Tysdag 10.09.24: Kursdag 1 (teori og praksis)
- Onsdag 11.09.24: Kursdag 2 (teori og praksis)
- Torsdag 19.09.24: Kursdag 3 («eksamen»)
Meir informasjon