Ofte stilte spørsmål om skolehelsetenesta

Her finn du svar på fleire spørsmål som du kan lure på om skolehelsetenesten.

  • Under fast helseoppfølging av skolebarn finn du ei oversikt over fast helseoppfølging som blir tilbode skolebarn i Ålesund kommune.
  •  Viss du ønskjer ein avtale utover det faste programmet, så tar du kontakt med oss for å gjere ein avtale. 

Kva kan eg snakke med helsesjukepleiar om? 

Inga sak er for stor eller for lita til å snakke med oss om. Helsesjukepleiar har open dør for alle elevar som treng å snakke med ein vaksen. Helsesjukepleiar er vand til å prate om det meste, også det som er kleint, vanskeleg og utfordrande. I tillegg har vi teieplikt. Du kan vere trygg på at din helseinformasjon ikkje blir delt med andre. Tema vi ofte pratar med elevar om:

  • Tankar og kjensler
  • Bekymringar
  • Stress
  • Problem heime
  • Angst
  • Det å vere trist
  • Sjølvskading
  • Venskap og trivsel
  • Mobbing
  • Forelsking
  • Kropp og pubertet
  • Seksualitet, sex og prevensjon
  • Kjønnslemlesting  
  • Vald og overgrep
  • Rus
  • Fråvær
  • Trening
  • Kosthald
  • Søvn
  • Sosiale medium

Når er helsesjukepleiar tilgjengeleg på min skole? 

Helsesjukepleiar er å treffe til faste tider, eller dagar på alle skolar. Du kan ta kontakt utan avtale. Kom gjerne innom kontoret i opningstida, eller gjer avtale på førehand via telefon eller e-post. 

Kontaktpersonar i skolehelsetenesten finn du her

Får eg fråvær for samtale med helsesjukepleiar på skolen? 

Nei. Det blir ikkje ført fråvær for samtalar med helsesjukepleiar i skoletida, verken på ungdomsskulen eller i vidaregåande skole.

I vidaregåande skole har du plikt til å dokumentere fråværet ditt, så pass på å få med deg melding frå helsesjukepleiar om at du har vore til samtale. Denne leverer du til kontaktlæraren din. Om du ikkje gjer dette, vil du få fråvær.

Kva får foreldra mine vite av det eg tar opp med helsesjukepleiar? 

Helserettsleg myndigheitsalder i Norge er 16 år. Det betyr at som hovudregel vil foreldra dine, eller den som har foreldreansvaret bli informert om helsetilstanden din og kva helsehjelp du får. Dei har rett til innsyn i journalen din når du er yngre enn 16 år. Det er nokre unntak frå denne regelen:

  • Er du mellom 12-16 år blir det av grunnar som bør respekterast, ikkje gitt informasjon til foreldra dine utan at du sjølv ønskjer det.
  • Informasjon til foreldra blir ikkje gitt, uansett alder, dersom det er tungtvegande årsakar som talar mot det.
  • Er du mellom 16-18 år skal berre opplysningar som er naudsynt for å fylle foreldreansvaret bli gjeve. Vi skal orientere deg om kva informasjon vi gir til foreldra dine.

Er du usikker, så ta opp spørsmålet om informasjon til foreldre med helsesjukepleiar, før du legger fram det du lurer på. Saman finn vi ei god løysing for deg og din situasjon.

Kva kan eg gjere om eg slit med tankar og følelsar? 

Når ting blir vanskelege kan det virke som om heile verda er imot deg, og at du er den einaste som har det sånn. Det kan vere mange ting som er vanskeleg å handtere aleine. Det aller viktigaste du kan gjere, er å snakke om det med ein vaksen du kan  stole på. Det kan vere foreldra dine, ein lærar, helsesjukepleiar, trenaren din eller ein annan du kjenner. Alle har det vanskeleg av og til, og ofte er det nok å berre snakke om det. Psykiske vanskar er svært vanleg, og rundt halvparten av Noregs befolkning får psykiske vanskar i løpet av livet.

Når tankar eller kjensler forstyrra deg så mykje over lang tid, at det blir vanskeleg å gjere vanlege oppgåver som skolearbeid, fritidsaktivitetar eller å vere saman med venner, er det spesielt viktig at du snakkar med ein vaksen om det. Dette er teikn på psykiske vanskar som kan trenge behandling. Snakk gjerne med oss i skolehelsetenesta, kom innom helsestasjon for ungdom (HFU), eller bestill ein time hos fastlegen din. Dess tidlegare du ber om hjelp, dess betre er sjansen for å bli heilt bra igjen.

Synes du det er vanskeleg å snakke med nokon ansikt til ansikt om vanskane dine, kan du bruke Kors på halsen, som er eit samtaletilbod frå Røde Kors for alle opp til 18 år. Her kan du ringe, sende e-post eller chatte med ein vaksen du kan stole på, og som ikkje kan sjå kven du er. Tenesta er open måndag-fredag klokka 14.00-22.00 på telefon 800 33 321, eller via chat eller e-post.

Ung.no har mange gode artiklar om psykisk helse hos barn og ungdom. Her finn du og informasjon om sjølvhjelp.

På helsenorge.no finn du oversikt over fleire hjelpetilbod på telefon og nett, når barn eller ungdom slit psykisk.

Sjølvhjelp på internett 

Det kan vere mykje du lurar på når du er barn og ungdom. De er flinke til å finne raskt fram på internett når de leitar etter informasjon. Det er ikkje alle nettsider som gir informasjon som er til å stole på. Snakk gjerne med helsesjukepleiar på skolen din om det du har lest eller høyrer. Vi anbefalar helsenorge.no som ei god og trygg informasjonskjelde.

Kor får eg hjelp dersom eg er utsett for vald eller overgrep? 

Alle former for vald og overgrep er ulovleg. Blir du, eller nokon du kjenner, utsett for vald eller overgrep bør du oppsøke hjelp.

Vald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå eller sparke, eller psykisk vald som trugslar, degradering, kontrollering og ydmyking. Det kan og vere seksuelle overgrep, som valdtekt, incest eller uønska beføling. Andre former for vald og overgrep, er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske, eller å hindre dei i å bestemme over eigen økonomi.

Ved akutt fare for vald eller overgrep, ring politiet sitt naudnummer 112.

Opplever du vald eller overgrep kan du snakke med oss i skolehelsetenesta, eller ein annen vaksen du stolar på. Du kan ringe Alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Tenesta er gratis, og du kan ringe heile døgnet, alle dagar i året. Telefonen blir svart på av vaksne, som har lang erfaring i å hjelpe barn og unge.

Dinutvei.no er ein nasjonal vegvisar til hjelpetilbod, informasjon og kunnskap om vald i nære relasjonar, valdtekt og andre seksuelle overgrep. Her finn du også ei spørsmål- og svarteneste der du som stiller spørsmål er anonym.

Overgrepsmottaket

Har du blitt utsett for vald i nære relasjonar, valdtekt eller valdtektsforsøk, får du medisinsk hjelp og rådgiving på overgrepsmottaket i Ålesund. Her treff du legar og sjukepleiarar som er spesielt trena til å jobbe med overgrepssaker. Tilbodet er gratis, og du får hjelp uansett om du ønsker å melde overgrepet til politiet eller ikkje.  

Overgrepsmottaket er døgnope og held til på Ålesund lokalmedisinske senter, inngang nord. Adressa er:
Åsesvingen 16, 6017 Ålesund. Du treng ikkje å bestille time eller få tilvisning frå fastlege eller legevakt på førehand. Ønskjer du å snakka med nokon før du kjem, kan du ringe legevakta på telefon 116 117.

Kva kan eg gjere dersom eg eller barnet mitt blir utsett for mobbing? 

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det betyr at du eller barnet ditt ikkje skal bli utsett for mobbing eller plaging, verken frå andre elevar eller lærarar. Dersom du eller barnet ditt ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skolen.

Mobbing er ulovleg, og skulen har plikt til å setja i verk tiltak dersom nokon blir utsett for mobbing.

Er du utsett for mobbing, er det viktigaste du gjer å snakke med ein vaksen som du stolar på. Det kan vere foreldra dine, eit anna familiemedlem, ein lærar, rektor eller helsesjukepleiar. Dei vaksne skal hjelpe deg med å hindre mobbing, og ta opp saka med skolen.

Du finn meir informasjon om mobbing og kva du kan gjere på nullmobbing.no

Når er dei faste samtalane og undersøkingane i skolehelsetenesta? 

I skolehelsetenesteprogrammet er det færre faste undersøkingar enn i helsestasjonsprogrammet, og mykje av skolehelsetenesta er basert på at den enkelte elev eller føresette sjølv tar kontakt med oss. Vi arbeidar og saman med skolen om undervisning og helseopplysning på ulike trinn eller i grupper. Dette er dei faste helseundersøkingane i skolehelsetenesta i Ålesund.

Kva forventar tenesta av føresette? 

Alle barn og unge har rett til helsekontroll. Foreldra pliktar å bidra til at barnet deltar i helsekontrollar. Skolehelsetenesta er gratis.

Alle foreldre får tilbod om å følgja barnet til skolestartsamtale og skolestartundersøking etter at barnet har starta på skolen. Kontakta blir tatt med bakgrunn i skolen sine klasselister. Barnet blir då kalla inn til helseundersøkingar etter behov, men du kan og ta kontakt og bestille time ved behov.

Kva for vaksinar får eg på skolen? 

Sjå våre sider om barnevaksinasjonsprogrammet for meir informasjon.

Du finn og ei detaljert oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet, samt meir informasjon om den enkelte vaksine på FHI sine sider.

I tillegg er det vanleg å tilby vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse i vidaregåande skole, før russetida startar. Les meir om vaksinen på FHI sine sider. 

Vi skal flytte. Er det noko vi må huske? 

Ved flytting er rutina at barnet sin helsestasjonsjournal «følgjer barnet» og blir sendt til helsestasjonstenesta på den staden barnet skal/har flytta til. Dette sikrar kontinuitet i tenestetilbodet og vidare oppfølging av barnet etter flytting.

Gi oss beskjed dersom du skal flytte. Dersom du flyttar, er du sjølv ansvarleg for å gi beskjed til helsestasjonen din om ny adresse.

Har de nettopp flytta til Ålesund kommune? Ta kontakt med din tidlegare helsestasjon for å få sendt over barnet sin helsejournal til oss.

Orientering om innsynsrett, overføring av journal og SYSVAK

Dokumentasjon og innsynsrett  

Alle tilsette i skolehelsetenesta har etter lov, plikt til å føre journal. I journalen skal helsepersonell skrive ned helseopplysningar som dei ut frå ei fagleg vurdering finn nødvendig og formålstenleg å dokumentere. Journalen skal bidra til at brukaren får ei fagleg forsvarleg oppfølging. Dei føresette til, eller brukaren sjølv, har som hovudregel rett til innsyn og/eller utskrift av alle opplysningar som omtalar brukaren. Helserettsleg myndigheitsalder er 16 år.  

Overføring av journal ved flytting  

Når eit barn/ein ungdom flyttar, er hovudregel at journal skal overførast til ny skolehelseteneste. Dette skal sikre ei fagleg forsvarleg oppfølging. Den som har spørsmål i samband med oversending av journal, kan ta dette opp med helsesjukepleiar på sin skule.    

Nasjonalt vaksinasjonsregister, SYSVAK  

Alle vaksinar barn får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i SYSVAK. Formålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hos den enkelte, samt å følge med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinar. Ved hemmeleg adresse nyttar ein eigne ordningar. Mine vaksiner gir deg oversikt over kva for vaksiner du har tatt, samt vaksinasjonsstatus for dine barn under 16 år. Du kan og skrive ut vaksinasjonskort på norsk og engelsk.