Om skolehelsetenesta

Om skolehelsetenesta

Skolehelsetenesta er til for deg som går på barne-, ungdoms- og vidaregåande skole.

Kort fortalt

  • Tenesta er gratis.
  • Du kan ta kontakt utan timeavtale.
  • Vi ønsker å bidra til at du får hjelp når noko er vanskeleg for deg. Helsesjukepleiar er der for deg!
  • Vi kan hjelpe deg å komme i kontakt med andre tenester om nødvendig. Dess tidlegare vi blir kjent med det som er vanskeleg for deg, desto lettare kan vi hjelpe deg.
  • Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning og har spesialkompetanse på barn og unge si helse og utvikling.
  • Du kan snakke med helsesjukepleiar om det du vil.
  • Tenesta jobbar for å fremme god helse og trivsel, gir rettleiing, gjer helseundersøkingar, underviser, gir vaksinar og tilbyr oppfølging ved behov.
  • Helsesjukepleiar jobbar i tett samarbeid med personalet ved skolane og med føresette.
  • Føresette og lærarar blir oppfordra til å ta kontakt ved behov.
  • Helsesjukepleiar har teieplikt.
Til toppen