Svangerskapskontrollar

Når du er gravid, kan du velje om du vil gå til jordmor og/eller fastlege for oppfølging. Første svangerskapskontroll skjer normalt i veke 6-12. Vi oppmodar om at du tek kontakt for å bestille time så snart du veit at du er gravid.

  • Finn din helsestasjon og bestill time.
  • Partnar er velkommen til å bli med.
  • Vi gjer merksam på at innhaldet i tenesta til ein viss grad kan variere frå helsestasjon til helsestasjon.
  • Jordmor samarbeider med helsesjukepleiar, fastlege, og tilviser til spesialisthelsetenesta ved teikn på sjukdom eller ved behov for utvida helsehjelp.

Svangerskapskontrollane skal sikre eit trygt svangerskap for både deg og barnet.  Innhaldet i oppfølginga hos jordmor finn du under kvar enkelt kontroll: