Svangerskapskontrollar

Svangerskapskontrollar

Første svangerskapskontroll skjer normalt i veke 6-12. Vi oppmodar om at du tek kontakt for å bestille time så snart du veit at du er gravid.

Når du er gravid, kan du velje om du vil gå til jordmor og/eller fastlege for oppfølging.

Målet med svangerskapskontrollane er å sikre at svangerskapet vert trygt for både deg og barnet. Vi har fokus både på den fysiske og psykiske helsa di gjennom svangerskapet. Vi legg vekt på individuell rettleiing med førebuing til amming, fødsel og den første tida etterpå.

Vi gjer merksam på at innhaldet i tenesta til ein viss grad kan variere frå helsestasjon til helsestasjon.

Jordmor samarbeider med helsesjukepleiar, fastlege, og tilviser til spesialisthelsetenesta ved teikn på sjukdom eller ved behov for utvida helsehjelp.

Til toppen