Ettervern

Ettervern

Ettervern er eit tilbod for unge vaksne mellom 18 og 23 år som tidlegare har hatt tiltak i barneverntenesta fram til fylte 18 år. Tilbodet er frivillig.  

Om tilbodet  

Du blir i samråd med kontaktpersonen din i barneverntenesta einig om kva etterverntilbodet skal innebere for deg. Kor omfattande tilbodet er varierer etter behov og ønske.  

Døme på ettervernstiltak:  

  • Rådgiving og rettleiing  
  • Oppfølging i bustad  
  • Hjelp til å følge opp studiar og praksis  
  • Hjelp til koordinering av samarbeidspartnarar  
  • Forlenging av eksisterande tiltak; til dømes at du kan fortsette å bo i fosterheimen din  

Ønsker du tilbod om ettervern, snakk med kontaktperson din i barneverntenesta!

Ansvarleg for tenesta

 

Til toppen