Kva er besøksheim?
Å vere besøksheim inneber at du tek imot barn eller ungdom ei eller fleire helger per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særlig tyngande omsorgsoppgåver.
Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for føresette.
Formålet er at du med din familie og din heim tilbyr eit avbrekk for eit barn eller ein ungdom, frå ein familie som er i ein krevjande livssituasjon.
Kva krav blir stilt til besøksheimen?
Vi ønsker familiar med trygge, stabile, tålmodige vaksne, som har tid og overskot til å vere til stades for barnet eller ungdommen. Vi treng både familiar med og utan barn.
Ein må ta omsyn til at barna i oppdraget treng noko tettare oppfølging og meir merksemd enn barn og ungdom på same alder. De vil få rettleiing.
Oppgåvene du tek på deg som avlastar i besøksheim krev ikkje spesiell utdanning, kompetanse eller utstyr. Du må meistre godt norsk, både skriftleg og munnleg.
Slik melder du deg til å bli besøksheim
Om du ønskjer å bli besøksheim, skriv du til oss og fortel litt om:
- Familiesituasjon
- Bustadsituasjon
- Helse
- Andre arbeidsforhold eller oppdrag i Ålesund kommune, som støttekontakt eller liknande
Informasjonen du gir oss blir brukt i arbeidet med å vurdere deg og familien din som besøksheim.
På bakgrunn av informasjonen du gir, tek vi kontakt for å avtale heimebesøk eller samtale på kontoret vårt. Ved tilbod må ein legge fram gyldig politiattest (barneomsorgsattest).
Lønns - og arbeidsvilkår i avlastningsoppdrag er regulert av forskrift og tariffavtale.
Interessert?
Send kortfatta søknad til barneverntenesta, så tek vi kontakt.