Trygt og godt skolemiljø

Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremme eit godt psykososialt miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggheit og sosial tilhøyrsle.

Kort fortalt

  • Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring. 
  • Skolen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. 
  • Veit du, eller har du mistanke om, at ditt barn ikkje har det trygt og godt på skolen, må du gi beskjed til rektor. 

«Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.»  Dette går fram av opplæringslova § 9A-2. 

Har du ikkje eit trygt og godt skolemiljø?

Dersom du ikkje har eit trygt og godt skolemiljø vil vi gjerne at du seier frå til nokon om det. Ta kontakt med for eksempel lærar, helsesjukepleiar, foreldre, venner, trenar eller andre du kjenner.  

Har ikkje ditt barn, eller andre barn, eit trygt og godt skolemiljø? 

Dersom barnet ditt, eller andre barn du kjenner, opplever krenkingar, tar du kontakt med skolen og ber om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor. Du kan ringe eller sende e-post. Dette gjeld også dersom det er ditt eige barn som krenkar andre barn.    

Ved alvorlege krenkingar kan du også seie frå til politiet. Du kan tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan også melde saka. 

Dette skal skolen gjere dersom barnet ditt ikkje har eit trygt og godt skolemiljø

Alle som arbeider på skolen, skal følge med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om, eller kjennskap til, at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøke saka.

Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørge for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.

Skolen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå
a)    kva problem tiltaka skal løyse
b)    kva tiltak skolen har planlagt
c)    når tiltaka skal gjennomførast
d)    kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka
e)    når tiltaka skal evaluerast.

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta.

Bekymringsfullt skolefråvær - rettleiar for førebygging og tverrfagleg samhandling (PDF, 2 MB) (nynorsk)

Bekymringsfullt skolefravær - veilder for forebygging og tverrfaglig samhandling (PDF, 2 MB) (bokmål)

Mobbeombod

Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skolen.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gi støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjonar. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og bidrar gjerne med kurs og foredrag på ulike område.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet har teieplikt.

Slik tar du kontakt med Mobbeombodet

Tlf.: 712 80 433 / 911 40 259
E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Meir informasjon

Ansvarleg for tenesta