Den kulturelle skolesekken

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei nasjonal ordning som sørger for at alle skoleelevar i Noreg får oppleve profesjonell kunst og kultur kvart år. Ordninga er unik i verdssamanheng.

Gjennom ordninga får elevane høve til å oppleve, gjere seg kjend med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Kulturtilbodet skal vere av høg kvalitet, og vise heile breidda av dei seks kulturuttrykka:       

Den kulturelle skolesekken er eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, og alle fylkeskommunane og kommunane i landet. Fylkeskommunen er ansvarleg for regional koordinering og programmering, men kommunane har også moglegheit for å utvikle eigne program lokalt.      

Den kulturelle skolesekken har vore ein del av den kulturpolitiske satsinga til regjeringa for grunnskolen sidan 2001, og etter kvart vart også vidaregåande skole innlemma i ordninga. Dette betyr at i dag får alle elevar, frå 1. klasse i grunnskolen til 3. trinn på vidaregåande skole, oppleve profesjonell kunst og kultur gjennom DKS.     

Den kulturelle skolesekken i skolen       

KS kan sjåast i samanheng med danningsoppdraget til skolen og skal støtte opp under målsettingar i læreplanverket. Det er viktig å inkludere skoleleiarar, kulturkontaktar, lærarar og elevar som sentrale aktørar i DKS-ordninga. Saman skal vi vidareutvikle eit mangfaldig og relevant DKS-tilbod som spelar saman med læreplanane i skolen.     

DKS er organisert på fylkes- og kommunenivå. Det nasjonale overbygget til DKS er Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Noreg. Kulturtanken ønskjer at både skoleleiarar, lærarar og elevar skal kjenne eigarskap til DKS-ordninga. DKS-produksjonar kan styrkje medvitet om kunst og kultur i opplæringa. Slik kan DKS bidra som ein ressurs for å nå målsettingane i skolen, både innanfor den overordna delen av læreplanen og i kompetansemåla for ulike fag.          

«Arbeidet med Den kulturelle skolesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skolen.»          

Frå prinsipp for Den kulturelle skolesekken (Stortingsmelding nr.8 (2007- 2008): «Kulturell skolesekk for framtida»).           

Den kulturelle skolesekken i Ålesund       

Lokalt er det to viktige funksjonar i DKS-arbeidet.     

Alle skolar skal ha ein kulturkontakt, og kulturkontakten er eit viktig bindeledd mellom skolen og DKS. Oppgåva til kulturkontakten er å sørge for tilrettelegging i forkant av, under og i etterkant av kunstbesøket på skolen. Kulturkontakten må bidra til at skolen leverer  plan for sine kulturaktivitetar og rapportering av gjennomførte lokale kulturaktivitetar.      

Kommunekontakten    si rolle er i all hovudsak å koordinere DKS-arbeidet i kommunen, sørge for at kommunen kvart år leverer ein samla plan for lokale DKS-tiltak for komande skoleår innan 1. juni, og rapportere for gjennomførte DKS-tiltak (kalenderåret før) innan 15. februar.     

Sidan 2021 har det vore organisert eigne program i Ålesund kommune, verkstader og produksjonar av og med profesjonelle kunstnarar med tilknyting til regionen, som skolane kan bestille. Kommunekontakten er ansvarleg for dette arbeidet.     

denkulturelleskolesekken.no       

Alt som gjeld DKS er samla på DKS-portalen, denkulturelleskolesekken.no, også det som blir organisert og programmert lokalt i og for ålesundsskolane. Her finn skolane både dei produksjonane som kjem gjennom kulturnista, abonnementsordninga (eleven som publikum), ei som kjem gjennom kulturlauget, verkstader i regi av fylkeskommunen (eleven som deltakar) og dei lokale verkstadene kommunen organiserer og (etter kvart også) da Vinci-verkstadene.     

I DKS-portalen er det viktig at skolane oppdaterer riktig informasjon om elevtal, klasser, timeplanar, kommunekontakt osv. Det skal alltid vere registrert (minst) to kontaktpersonar, ein kommunekontakt og ein/andre skoletilsette.  

Den kulturelle skolesekken for Møre og Romsdal

Ansvarleg for tenesta