Vaksine mot influensa

Du kan ta influensavaksine hos fastlegen din.  Har du ikkje fastlege kan du ta vaksinen hos eit apotek.

Influensavaksine kan du få hos fastlegen din

 Finn kontaktinformasjon til ditt legekontor her. 

Kontakt fastlegen for å gjere avtale om tid for vaksinasjon. For nokre legekontor finn du eigen informasjon under. 

Skodje legekontor

Risikogruppa og andre kan få vaksine ved kontakt med Skodje legekontor på 70 24 40 60 eller sjølv reservere avtale ved å logge inn på helsenorge.no/timeavtale.

Kven bør ta influensavaksine?

Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal óg få tilbod om influensavaksine
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veike 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år

Barn og vaksne med:

  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
  • diabetes type 1 og 2
  • leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg blir influensavaksine anbefalt til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personer som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktere og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasyk tamfugl