Familiestøtte er ei teneste for barn og unge frå 0- 18 år og deira familiar.
Ofte hjelper vi barn, gjennom deira viktige vaksne. Vi ønskjer å gi rett hjelp, til rett tid og hjelp som nyttar. Målet er at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.
Vi kan samarbeide med andre instansar som arbeider med barn og unge, til dømes barnehagar/skular, helsesjukepleiarar, barneverntenesta, PPT, BUP og fastlegar.
Vi i familiestøtte har brei kompetanse og erfaring knytt til ulike utfordringar for barn, unge og familiar. Alle som arbeider i familiestøtte har teieplikt. Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønskjer at føresette skal vere med til samtale.
Hovudregelen er at familiestøtte er inne i ein avgrensa periode.
Kva tilbyr vi?
Vi har tilbod retta mot kommunikasjon, relasjonar, psykisk helse hos barn og unge, eller andre problemstillingar ein står i.
Vi gir støtte, råd og veiledning gjennom:
- Samtale- eller rettleiingstilbod tilpassa kvart enkelt barn/ungdom/familie sitt behov.
- Ulike gruppetilbod for barn og unge.
- Grupper/kurstilbod for føresette om kommunikasjon og samspel.
- Hjelp til å lose til andre instansar, dersom det er ønskeleg eller nødvendig.
Tiltak
Barneblikk eit tverrfagleg familieteam som gir eit lavterskeltilbod til dei som ventar barn eller har sped- eller småbarn, og som har utfordringar knytt til eigne eller andre si psykiske helse og/eller rusmiddelbruk.
Barneblikk er ei satsing i samarbeid med helseføretaket.
Barneblikk Helse Møre og Romsdal
Småbarneteam er eit tverrfagleg samansett team med ulike fagpersonar frå fleire verksemder.
Teamet har spisskompetanse knytt til dei minste barna 0-4 år, og tilbyr oppfølging og rettleiing av enkeltfamiliar og eventuelt barnehage der barnet går. Målet er å komma raskt til med hjelp, og finne fleksible løysingar i lag med den enkelte familie.
Vi har tre tverrfaglege team som er geografisk inndelt (nordre og søndre).
Teama tek imot alle som kjem til oss når det gjeld:
- foreldrerettleiing
- familieterapi
- individuelle samtaletilbod i høve psykisk helse for barn og unge
- samspel og kommunikasjonsutfordringar i familien
- styrking av foreldrerolla
I teama har ein ulik fagkompetanse, og ein kan bidra med ulike perspektiv og brukar ulike verktøy og metodar i arbeidet.
Er eit tverrfagleg samansett team med fokus på ungdom 13-18 år, der utfordringa er knytt til psykisk helse eller samspel, og kommunikasjonsutfordringar i familien.
Ungdomsteam har og ein ruskonsulent.
Tilbodet blir tilpassa den enkelte.
Er eit team som har spesiell kompetanse inn mot samansatte utfordringer knytt til barn og unge i grunnskulealder.
VIT er eit nettverksbasert tiltak der ein arbeider med utvida familienettverk og med fleire arenaer rundt barnet, med mål om å fremme god helse og utvikling hos barn og familien.
Tiltaket er eit tilbod til familiar som ønskjer endring, og er motiverte for intensiv innsats over ein periode.
Kurs
Foreldrekurs i emosjonsfokusert ferdigheitstrening
Foreldrerettleiingsprogrammet “Tuning in to teens”
Pris
Tilbodet hos oss er gratis og frivillig.
Korleis få tilbodet?
Foreldre og ungdom over 16 år kan sjølv ta kontakt med oss. Andre instansar som er i kontakt med barnet, ungdommen eller familien kan også søkja i samråd med de det gjeld.
Søk om familiestøttande tenester
Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, så kan du fylle ut papirsøknad for familiestøttande tenester (PDF, 625 kB) og sende det i posten. Vi vil ta kontakt når vi har motteke søknaden.
Du kan også kontakte oss på telefon 40 90 51 39.
Sjå også