Vigselslokale i Ålesund på Avholdshjemmet.> Information in English
Kor kan de gifte dykk?
Ålesund kommune tilbyr borgarleg vigsel på:
- Seremonirommet i Korsegata 6, Ålesund
- Tenestehuset på Sandøy
- Gamlebanken/Tenestehuset i Ørskog
Når kan de gifte dykk?
- Vigslene blir vanlegvis gjennomførte mellom kl. 11.00 og 14.00.
- I Ålesund sentrum er det vigslar fredagar i partalsveker, med unntak av feriar og høgtidsdagar.
- I dei andre kommunedelane kan det vere mogeleg med vigsel alle fredagar.
- Det blir ikkje arrangert vigsel i påska, vekene 29 - 31 (fellesferien) eller i jula (veke 52 og 53).
Førebuing - vilkår for vigsel
Før de kan bestille vigsel, må folkeregisteret i Skatteetaten kontrollere om ein oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg.
Dette må de gjere
Alternativt kan søknad fyllast ut på papir og sendast i posten til det regionale skattekontoret.
Behandlingstida er 2 - 3 veker.
Når vilkåra er prøvd og funne i orden, sender Skatteetaten ein prøvingsattest. Denne prøvingsattesten er gyldig i fire månader, og vigsel må gjennomførast innan utløpsdatoen.
Send inn prøvingsattest
Det er viktig at vi har prøvingsattesten seinast to veker før vigselen. Du kan også levere dei til næraste tenestehus eller sende i posten.
Bestill vigsel
Bestilling kan gjerast frå seks månader og seinast fire veker før ønska vigselstidspunkt, men detaljar blir endeleg avtala når kommunen har motteke prøvingsattest og vigselen nærmar seg.
Bestill tid til vigsel
Praktisk informasjon
Praktisk informasjon om vigsel
- Borgarleg vigsel i kommunen sine seremonirom i ordinær tid er gratis for innbyggjarar.
- Dersom ingen av brudefolka er busette i Ålesund kommune og vigselen ikkje skjer innanfor ordinær ordning, er prisen 6 209 kroner.
Pris for borgarleg vigsel 2026
Brudefolk, forlovarar og gjestar bør møte opp ved seremonirommet tidlegast 10 minutt før avtalt tid for vigsel.
Legitimasjon må visast fram på vigselsdagen før sjølve seremonien kan starte. Vi godtar gyldig pass, eller norske førarkort/idkort og norske bankkort med bilde og personnummer.
Utenlandske statsborgarar må vise fram pass. Asylsøkarbevis er ikkje godtatt som legitimasjon.
Det skal vere to vitne til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forloverane, men det kan også vere to andre myndige personar. Vitna skal vere med og underteikne vigselsprotokollen/prøvingsattesten.
Kommunen kan gjennomføre vigselen på norsk eller engelsk. Meld fra dersom de verken forstår norsk eller engelsk, slik at vi kan stille med kvalifisert tolk.
Sjølve seremonien varer i 10-15 minutt. De blir vist inn i seremonirommet saman med gjestane. Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel.
Ho/han les gjerne også eit dikt, dersom de ønsker det.
Deretter blir de spurt om de vil ha kvarandre til ektefellar. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk. Til slutt må vigselsprotokollen skrivast under av dykk, vitna og vigslaren.
Det er ikkje lov å drikke alkohol, eller å kaste ris, roseblad eller konfetti, i eller utanfor seremonirommet.
Det er høve til å sette på ringar under seremonien. Gi beskjed om dette før seremonien startar. Ringene kan settast på når vigslaren har erklært dykk som ektefolk. Vigslaren sier frå når ringane kan utvekslast.
De kan gjerne ha musikk eller diktlesing under seremonien. Dette må de sjølve organisere. Gi beskjed på førehand.
Tida som er sett av til seremonien, underteikning og fotografering er til saman 20 minutt. Det er viktig å halde tidsramma, fordi det ofte er andre par som ventar på å gifte seg.
Fotografering kan skje under og etter seremonien, i forståelse med paret og vigslaren.
Etter vigselen
Prøvingsattesten som brudeparet, vitna og vigslaren underteiknar blir vanlegvis sendt til Skatteetaten same dag som vigselen skjer.
Endeleg vigselsattest kjem frå Skatteetaten etter ei eller to veker. Alle spørsmål om vigselsattesten må rettast direkte til Skatteetaten.
Treng du meir informasjon?
Alle spørsmål knytt til prøvinga av ekteskapsvilkåra må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.
Ekteskap i Norge, informasjon til norske og utanlandske statsborgarar- Skatteetaten
Veien til ekteskapet - steg for steg - Skatteetaten