Temporær kunst midt i hjartet av byen 

Med kunst som drivkraft skal Ålesund kommune skape attraktive, sosialiserande og sanselege byrom med kvardagsperspektiv. Med fokus på barn, unge og eldre. 

Utsikt fra Korsatunellen - Klikk for stort bilete

- Eg synest det er utruleg spennande å ta i bruk kunstkompetanse og kunst i utviklingsarbeidet om gode byrom for alle, seier prosjektleiar Linda Fiskerstrand Sperre.   

Ålesund kommune har fått tilskot på 550 000 kr frå Lokalsamfunnsordninga (LOK) til KORO. KORO er eit statleg organ som har som mål å gjere kunst lettare tilgjengeleg for alle, og at kunstnarar skal få ei større samfunnsrolle enn i dag.   
Tidlegare heitte KORO Utsmykkingsfondet, men i nyare tid er namnet gjort om til KORO, som står for Kunst i offentlege rom. Namneskiftet opnar opp og signaliserer om ei nyare tid der ein ønsker å involvere kunstkompetansen tidleg i prosjektprosessane, i staden for å berre bestille eit konkret element for utsmykking på ein ferdig planlagt og utforma plass. 

Foto av Linda Fiskerstrand Sperre - Klikk for stort bilete

- Det er gøy å sjå at den ønskte utviklingsmetoden blir anerkjent ved å bli tildelt midlar, og at vi er ein del av eit større nettverk av kommunar spreidd rundt i landet som jobbar på same måte, seier Fiskerstrand Sperre.   

Byromsprosjektet i 2023  

Prosjektstøtta frå KORO skal bidra økonomisk til eit byromsprosjekt som starta opp i januar 2023. Prosjektet har allereie fått støtte frå Byen som regional motor (BRM) – eit program hos Fylkeskommunen som har til hensikt å styrke Kristiansund, Molde og Ålesund til utvikling av levande og attraktive regionbyar.   

Gaterommet St. Olavs plass (utanfor Galleri Sankten og Sparebank1), byromma Harald Torsviks plass og Korsatunellen ligg i ein akse gjennom hjartet av Ålesund bysentrum, med Kiperviktorget og Sankten p-plass som forlenging i kvar ende.   

- Det er viktig for oss å sjå på samanhengen mellom byromma langs denne aksen. Alle treng sårt ei rehabilitering og modernisering for å bli blåst nytt liv i og vi må sjå på nye moglegheiter for bruk. 

BRM-prosjektet for utvikling av St. Olavs plass, Harald Torsvik plass og Korsatunellen er dagsaktuelle ved at det er ein større samanheng med desse byromma opp mot det planlagde nye kollektivknutepunktet i Keiser Wilhelms gate og Korsegata.   

St Olavs plass og inngangen til Korsatunellen - Klikk for stort bilete

Ny samarbeidsmetodikk med kunstkompetanse  

Eit mål i prosjektet er å utvikle og realisere eit nyskapande kunstnarsamarbeid i regi av kommunen. Slik skal vi sikre at vi tilfører meir og betre kunst i offentlege rom.   

Vi ønsker at kunst skal både vere lett tilgjengeleg for alle, men også at kunstkompetansen skal sjåast som eit naturleg tilskot i alle utviklingsprosjekt frå eit tidleg stadium. Ålesund kommune ønsker med dette å invitere kunstnarar til å bidra til ei større satsing i området gjennom prosjektsamarbeid og temporær kunst som medverknad.   

Korsatunellen - Klikk for stort bilete

Byromsprosjektet er eit todelt prosjekt der vi i 2023 skal planlegge byromma og bruke gode medverknadsprosessar for å forstå innbyggarane, næringslivet og besøkande sine ønske for bysentrum og byromma. Det spesielle i denne prosessen er at vi vil bruke temporær kunst gjennom året og stimulere brukarar også på denne måten. Året skal 
resultere i ein forprosjektrapport og detaljplan, som igjen skal vere grunnlag for neste fase med fysisk opparbeiding.

- Første steget no er å knytte til oss ein kurator som delta som medlem i prosjektet. Vi gler oss til at vi endeleg kan starte opp prosjektet og vise fram til alle korleis byrom kan bli med meir tverrfagleg kompetanse. Vi håper at flest mogleg blir med oss på denne utforskande reisa og hjelper til for å påverke oss i riktig retning.