Slik blir byggeperioden i Ålesund sentrum

Det skal byggast nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum, og første spadetak skjer i juni. Området skal også oppgraderast med fjernvarme i fortau, grøne lunger og meir oversiktlege kryss. Byggeperioden skjer mellom 2023 – 2024 og vil føregå i fleire etappar.

Illustrasjon av fotgjengar over gangfelt i det nye kollektivknutepunktet i Keiser Wilhelms gate - Klikk for stort bileteFørste byggefase av det nye kollektivknutepunktet i sentrum startar i juni. Dronninga landskap

Med ny løysing for buss i sentrum blir det av- og påstiging i Keiser Wilhelmsgate og Korsegata, med kort veg til butikkar og fasilitetar. Prosjektet inngår i Bypakke Ålesund der eitt av måla er å legge betre til rette for kollektiv transport. 

- Dette blir ein del av eit meir effektivt buss-system for heile byen, i tillegg til at området blir finare å opphalde seg i, fortel Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Byggetid i om lag 1,5 år 

Kollektivknutepunktet er ein del av den vedtekne sørsideplanen for byen. Byggetida blir om lag 1,5 år frå  juni 2023 – oktober 2024. I denne perioden blir det vegarbeid i Korsegata, Posthuskrysset, Kipervikgata og Keiser Wilhelmsgate i ulike periodar. Det vil vere mogleg for fotgjengarar å gå gjennom gatene på tilrettelagte gangvegar. Fylkeskommunen er i dialog med næringsdrivande om mellombelse løysingar for varelevering og tilkomst til garasjeanlegg. 

- Det er krevjande å bygge i eit bysentrum, seier Vatnehol.
- I grunnen ligg det store mengder kablar, leidningar og røyr som må takast omsyn til. I tillegg skal det leggast ned mykje ny infrastruktur. Grunnarbeidet tek difor noko tid. 

Det er eit mål at byggeperioden skal fungere best mogleg for trafikantar og næringsdrivande. Arbeidet blir difor delt inn i ulike fasar, slik at det ikkje blir byggearbeid i alle områda samtidig. 

Tre fasar for arbeidet i byggeperioden

  • Fase 1. Juni – november 2023: Byggearbeid vil føregå i Korsegata som då blir stengt for biltrafikk. Det blir etablert universelt utforma gangpassasjar gjennom gata.
Oversiktsbilde over Korsegata som blir stengd i fase 1 av byggeperioda juni til november - Klikk for stort bileteFase 1 i byggeperioden. Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fase 2.  November 2023 – juni 2024: Byggearbeidet vil føregå i Posthuskrysset, Keiser Wilhelmsgate og delar av Kipervikgata som blir stengt for biltrafikk. Det blir etablert universelt utforma gangpassasjar gjennom gatene. Trafikken blir lagt utanfor Posthuskrysset på ein midlertidig veg. 

    Ei strekning mellom Nelvikstredet og Kiperviktorget blir stengt ei kort periode på maks 3 veker våren 2024. Denne strekninga er elles open for biltrafikk i heile byggeperioden.

Oversiktsbilde over Keiser Wilhelmsgate og delar av Kipervikgata som blir stengt for biltrafikk - Klikk for stort bileteFase 2 i byggeperioden. Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Fase 3. Juni 2024 – oktober 2024: Denne perioden blir inndelt i delfasar for å kunne halde delar av området open for trafikk. Posthuskrysset blir open for trafikk i heile denne perioden. Det skal føregå overflatearbeid i Keiser Wilhelmsgate, Kipervikgata og Nelvikstredet. Vi kjem med fleire detaljar i god tid før fase 3. 
Oversiktsbilde over byggefase 3, der det skal føregå overflatearbeid i Keiser Wilhelmsgate, Kipervikgata og Nelvikstredet - Klikk for stort bileteFase 3 i byggeperioden. Møre og Romsdal fylkeskommune

Både Ålesund kommune og fylkeskommunen kjem til å gje oppdateringar undervegs gjennom heile byggeprosessen.