Satsar på barn og unges helseteneste

Satsar på barn og unges helseteneste

 - Det er viktig med god samhandling mellom tenestane når barn og unge opplever psykiske vanskar. Dei skal få rett hjelp, på rett stad til rett tid, seier Vanessa Følsvik Lyshol, som er prosjektkoordinator for satsinga på barn og unges helseteneste i Ålesund kommune.Tre ungdommar ved sjøkanten som held ikring kvarandre - Klikk for stort bileteBarn og unges helseteneste i Møre og Romsdal.

Ålesund kommune er med i nettverksarbeidet barn og unges helseteneste saman med resten av kommunane og helseforetaket i fylket. Målsettinga er å sikre samanhengande tenester mellom kommunen og spesialisthelsetenesta for barn og unge med psykiske helseutfordringar.

Det er valt ut sju samhandlingsforløp for dei mest vanlege psykiske helseplagene til barn og unge:

  • Angstplagar
  • Vanskar med merksemd og uro
  • Depresjonsplager og triste følelsar
  • Autismespekterforstyrring
  • Bekymring for barn 0 - 3 år
  • Spisevanskar og spiseforstyrringar
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt

Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og skal gi brukarar, pårørande og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.

Nytilsett prosjektkoordinator

Portrettfoto av kvinne med langt, blondt hår - Klikk for stort bileteVanessa Følsvik Lyshol Satsinga i Møre og Romsdal var initiert av Helse Møre og Romsdal våren 2021, etter modell frå Helse Fonna. Alle dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og barne- og ungdomspsykiatiren (BUP) er med.

Ålesund kommune har tilsett Vanessa Følsvik Lyshol som prosjektkoordinator, ei stilling som er finansiert med midlar frå statsforvaltaren. Lyshol, som starta i stillinga i slutten av august, skal hjelpe med å implementere satsinga i Ålesund.

Vanessa Følsvik Lyshol er utdanna sosionom og studerer for tida master i samfunnsplanlegging og leiing. Ho har erfaring frå arbeid i barneavlastning, barnebustadar og barnevernsinstitusjonar både som miljøterapeut og avdelingsleiar. Ho ser fram til arbeidet med barn og unges helseteneste både i kommunen og i heile fylket.

Breitt samarbeid

Det er eit breitt samarbeid om satsinga. Ålesund kommune sin prosjektkoordinator er med både i den lokale arbeidsgruppa, nettverksgruppa og prosjektgruppa for fylket.

Det er fleire tenester i kommunen som arbeider med barn og unge som er representert i arbeidsgruppa. Her deltek representantar frå barnevernstenesta, helsestasjon, PPT, familiestøtte, skular, barnehagar, koordinering og tildeling, førebygging og meistring, og LOS i grunnskuleteamet. BUP og prosjektleiar frå Helse Møre og Romsdal deltek inn i nettverksgruppa saman med andre bidragsytarar som InnoMed, KORUS, og kvalitetsrådgjevar i helseforetaket. I nettverksgruppa er også representantar frå kommunane rundt Ålesund, som Sula, Giske, Sykkylven, Fjord og Stranda, delaktige.

Godt i gang med satsinga

Ålesund kommune, som no har kome godt i gong med satsinga barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, vil fortsette dette arbeidet utover hausten.

27. september skal det vere møte i den lokale arbeidsgruppa i Ålesund kommune kor ein skal sjå på kva erfaringar ein har gjort seg med å kartlegge eigne tenester internt gjennom verktøyet Miro. Her nyttar ein Miro-tavle for å kartlegge seg sjølve ved bruk av trafikklysmodellen. Deretter skal Ålesund saman med kommunane i nettverksgruppa møtast til ei felles arbeidssamling 2. november. Her blir det workshops kor ein skal diskutere dei største utfordringane, og konkretisere og prioritere tiltak for vidare arbeid i satsinga.

Det vil bli arrangert eit leiarwebinar 23. november kor leiarar på dei øvste nivåa innan oppvekst og helse, fagleiarar, kommunelegar, statsforvaltaren og andre aktuelle i Møre og Romsdal vil delta. Her vil en diskutere korleis kan leiarar kan legge til rette slik at vi når målsettinga med satsinga.

Vil du vite meir?

Barn og unges helseteneste - Helse Fonna (helse-fonna.no)

Barn og unges helseteneste - Helse Møre og Romsdal (helse-mr.no)

Til toppen