Restart for regionalt samarbeid

Prosjektet Region Ålesund har knytt band på tvers av både kommune- og partigrenser. Etter prosjektslutt har ein haldt fram med å møtast. I ein kvardag med overfylte kalendrar, kvifor har ein valt å prioritere slik?

Ei gruppe menneske sit på stolar i ein halvsirkel - Klikk for stort bileteI Region Ålesund møtest ordførarar og kommunedirektørar på tvers av kommunane, for å samordne og samarbeide Jon Åge Giske Andersen

Mellom 2014 og 2018 var fleire av kommunane på nordre Sunnmøre med på Byregionprogrammet, i regi av Distriktssenteret. Målet for programmet var å styrke byregionane si evne til å skape økonomisk vekst på sikt, og å styrke samarbeidet mellom by og omland. Det var i alt 37 ulike byregionar som deltok, beståande av 220 kommunar.

Byregionprogrammet i Ålesundregionen inkluderte kommunane Giske, Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog, Sula og Ålesund. Sandøy og Ørskog var ikkje med i starten av prosjektperioden, men vart med etter det vart klart at dei, lik Haram og Skodje, skulle slåast saman med Ålesund. I kjernen av prosjektet var styringsgruppa, der politisk og administrativ leiing i kommunane møttest på tvers av kommunegrensene. 

Lokalt fekk prosjektet namnet Region Ålesund, og sjølv om det frå statleg hald berre var tenkt å vare i fire år, har ordførarane og kommunedirektørane haldt fram med å møtast sidan 2018. Dette har ført til fleire konkrete resultat:

  • Konferansen the North West
  • PAKT – ein felles plan for korleis ein skal nytte areal og planlegge transport med omsyn til klima og miljø
  • Sjekk inn (2015-2019) – eit romjulsarrangement der arbeidsgivarar kunne møte heimebesøkande studentar og andre bortebuarar
  • Forum for Ålesund lufthamn – sikra midlar og merksemd
  • Ny ordning for statelege tilskot til mindre byregionar

Meir enn gjennomslag

Men om ein skal tru deltakarane, er det langt meir enn desse handfaste utfalla som har kome som resultat av samarbeidet.

– I fellesskap forstod vi kor viktig det var å ha ein felles agenda. Samarbeidet har skapt gode relasjonar og skapt langt større forståing på tvers av kommunegrenser og partigrenser, det har blitt langt lettare å ta ein telefon. Det har også vore viktig at fylkeskommunen har fått innsikt i vår region, og det har vi fått til ved å vere saman, fortel Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram kommune.

Fleire har gitt uttrykk for at det tidlegare ikkje var slik at politikarar kjende kvarandre på tvers av kommunar. Når ein møttest var det i konkurranse og konflikt, for å få ressursar til sin kommune eller sigrar til sitt parti.

– At vi møtes slik vert a-politisk. Det er viktig å ha ein slik arena, der vi kan samlast om det vi er einige i, og kring det vi er nøydd å ta tak i, i fellesskap, skyter varaordførar Harry Valderhaug frå Giske kommune inn. 

Harry og Vebjørn var begge ordførarar då Region Ålesund var eit prosjekt, og har mykje positivt å fortelje om samarbeidet. Eit sentralt poeng er at det har vore viktig å knytte personlege band utanfor eigen organisasjon, og ein stor del av denne relasjonsbygginga har kome frå måten ein har organisert seg på. Ved å møtest slik at ein kan ombestemme seg utan å tape, eller vere open om at ein ikkje er heilt sikker på kva som er riktig, har det blitt enklare å bygge gjensidig tillit mellom deltakarane. Det har også vore eit nyttig grep å inkludere både dei øvste politiske og administrative leiarane i samarbeidet, slik ein kan vere samla om det ein vert einige om.

Viktig å snakke med kvarandre

No pensjonert kommunedirektør i Sula, Leon Aurdal, meiner dette samarbeidet skil seg ut i det som etter kvart har blitt ein jungel av nettverk og møteplassar. 

– Det er ikkje alltid at samarbeida vi deltek i er vellukka. Likevel har dette vore veldig givande. Kvifor det? I regionen vår er vi 100 000 menneske. Dei utfordringane vi står i er ikkje famna av dei einskilde organisatoriske einingane vi kjem frå. Å samarbeide på tvers av kommunar, og med fylkeskommunen, næringsliv og akademia, gjer at vi kjem nærare dette. Vi har fått snakka med kvarandre og ikkje berre om kvarandre. Samtidig er det heilt nødvendig å ha ressursar til å drive slikt utviklingsarbeid, men dei gode resultata viser at det er verdt det, og det må vi stå i.

No er det i mange av kommunane både nye ordførarar og nye kommunedirektørar, og det er no opp til dei å vidareføre samarbeidet som har vore mellom kommunane i regionen.  

Tre menn sit att med eit bord - Klikk for stort bileteI første fase av prosjektet var det berre kommunedirektørane som møttest, etterkvart kom også politisk leiing inn. I biletet er høvesvis kommunedirektørane i Giske, Sula (no pensjonert) og Ålesund. Bente Glomset Vikhagen er ny kommunedirektør i Sula. Jon Åge Giske Andersen

Frå prosjekt til fast organisering

Fleire uttrykte ønske om å ta lærdommen frå prosjektet inn i den daglege drifta, for å sikre at kunnskapen ikkje går tapt. Ny kommunedirektør i Sula kommune, Bente Glomset Vikhagen, påpeiker at samarbeid inneber å gi frå seg kontroll.

– Tillit er ein føresetnad for å klare å gi frå oss oppgåver til mellomkommunale samarbeid. Heilskapleg arbeid med planar kan ikkje for alltid løysast i prosjekt, det må institusjonaliserast i varige samarbeid. Samfunnsplanlegging, arealplanlegging, beredskap, dette får vi ikkje løyst kvar for oss på ein måte som er heilskapleg. Det må vi begynne å tenke på no. Då er det tilliten som er avgjerande.

Fylkeskommunedirektøren meiner det er heilt avgjerande at regionen vår lukkast, men er bekymra for korleis kommunar skal klare å løyse lovpålagte oppgåver i framtida. 

– Den demografiske utviklinga er skremmande, korleis skal vi møte denne utfordringa saman? I Agder samarbeider alle kommunane på både innkjøp og IT, det er eit eksempel på korleis ein kan organisere seg i framtida, for å frigjere utviklingskapasitet. I ei tid med vanskelege økonomiske forhold håper vi at vi klarer å halde på noko av utviklingskapasiteten, og vi ønsker derfor å vere med på - og legge til rette for - eit vidare samarbeid.

Bygger vidare på felles utviklingsplanar

Plan for areal, klima og transport PAKT - er ein langsiktig strategiplan for berekraftig vekst i Ålesund­regionen. Arealbruk og transport blir sett i samanheng, i eit klimaperspektiv, og med FN sine bere­kraftsmål som fundament. Denne planen kom frå Region Ålesund-prosjektet og har no blitt vedtatt i alle kommunane i samarbeidet. Neste steg er å innarbeide PAKT i dei nye kommuneplanane, som ein no skal ta fatt på i dei nye kommunestyra rundt omkring i regionen. 

Ein føresetnad for å klare å gjennomføre felles planar på tvers av kommunegrenser er at partane både må gi og ta, og reelt oppleve at ein siger for den eine er ein siger for regionen. På veg mot målet vert Region Ålesund ei viktig ramme, og det er allereie planar om fleire møter mellom leiing og mellom formannskapa i dei ulike kommunane. Håpet er å klare å bygge på tilliten og relasjonane ein har jobba fram i tidlegare år, og å få desse med vidare når både politikarar og tilsette har, og blir, utskifta over tid.

Mann presenterer innhold på tvskjerm - Klikk for stort bileteOrdførar i Haram, Vebjørn Krogsæter presenterer PAKT-rapporten, og viser korleis ein kan nytte ulike kart for å lære meir om korleis regionen heng saman. Jon Åge Giske Andersen