Økonomisk uvêr som krev kursendring

Budsjett for 2023 vart i dag, 20. oktober, lagt fram for politikarane i Ålesund. Kommunedirektøren seier det er eit budsjett som krev handling – og endring.

Kommunedirektør Steven Hasseldal meiner at gjeldsgrada i tillegg til fleire, store og usikre moment som ligg utanfor kommunen sitt rådvelde gjer at det må gjerast grep som gir effekt.

Det er ikkje lenger nok å site stille i båten. Ein kan heller ikkje berre segle medvinds. Då vil vi gå på grunn. No må kursen justerast.

Mykje gjeld

Ålesund kommune har meir gjeld enn kommunar det er naturleg å samanlikne seg med. Den ekstra gjeldsbyrda utgjer mellom 820 og 946 millionar kroner. Komande år vil renter og avdrag på denne «ekstra-gjelda» koste rundt 50 millionar kroner.

For å sette det i ein samanheng, så er dette om lag det same som det kostar med Aspøy helsesenter, Åse helsehus eller Hatlane skule.

Med høg gjeld slår renteauken hardt inn. I tillegg kjem demografikostnader. Ser ein fire år fram i tid vil finanskostnadene med den investeringsplanen som Ålesund har i dag, auke frå vel 100 millionar kroner i året til 270 millionar kroner i året.

Dyr drift

Kommunedirektør Steven Hasseldal seier dette må finansierast og at det kan gjerast på to måtar: Kutte i drifta eller få ned gjelda.

Og mest truleg må vi gjere begge deler. Vi har fortsatt for høge driftskostnader og vi har for høg gjeld.

Han peiker også på eit tredje element; å auke inntektene ved å auke eigedomsskatten.

Stor usikkerheit

I tillegg til høg gjeldsgrad og for høge driftskostnader kjem ei rekke eksterne element som usikkerheit om kva ein vil få dekt av koronakostnader og kor mykje ein får dekt av kostnadene ved kommunedeling.

Alt dette til saman gjer at det er auka sannsynlegheit for at vi kjem på Robek-lista. Men, dersom vi greier å gjere grep i samsvar med budsjettet som er lagt fram, å utsetje gjeld og drive billegare, så kan besøket i Robek vere over om eit år.

Tiltak: Kutt og styrking

Mellom forslaga til tiltak som ligg inne i budsjettet er å auke satsen for eigedomssats til tre promille og utsette Hessa skule, Osane idrettshall og oppgjeret for Sanitetshjemmet til 2025. Det er også lagt opp til å kutte om lag 100 årsverk innan helse og om lag 70 årsverk innan oppvekst.

Midt i dei vanskelege prioriteringane er kommunedirektøren også glad for at det er budsjett som ikkje inneheld berre kutt.

Det vert mellom anna gratis kjernetid på SFO og nedsett foreldrebetaling på SFO og barnehage. Barnevernet skal styrkast og det same gjeld helsestasjonane.  

Sjå presentasjonen til politikarar og tilsette her.  (PDF, 2 MB)

Sjå alt om budsjettet her