Nye Framtidslaben blir stifta under The North West

Dagens aktivitetar i Framtidslaben og The North West samlast no i ei ny ideell foreining.

Illustrasjonsbilde fra samling på framtidslaben våren 2023.JPG - Klikk for stort bilete

Det er mange samfunnsutfordringar vi ikkje kan løyse kvar for oss. Det krev ofte samarbeid. Nye Framtidslaben skal bidra til at slike samarbeid kjem på plass og fungerer. Både næringsliv, akademia, frivilligheita, innbyggjarar og offentleg sektor kan bruke Framtidslaben som eit verktøy for berekraftig utvikling av regionen, med utgangspunkt i Ålesund. 

- Vi har no komme fram til ei ny organisering av Framtidslaben, der også The North West blir innlemma. Valet er teke i samråd med personar frå ei rekke ulike verksemder, og vi har stor tru på at dette vil gjere Framtidslaben til eit endå meir handlekraftig verktøy i arbeidet med å bygge eit meir berekraftig samfunn.”, seier Helge Veum i Ålesund kommune.

Alle verksemder som meiner vi treng eit slikt verktøy i regionen, vil før sommaren blir invitert til å søke om medlemskap, og bli teke opp som partnar i foreininga. Alle partnarar vil ha ei stemme på årsmøtet i foreininga, uavhengig av storleik og økonomisk bidrag. Alle innbyggarar vil til hausten få ein open invitasjon om å bli med i nettverket av lokale ressurspersonar som skal byggast.

Stiftinga

Eit viktig juridisk steg i arbeidet er å stifte foreininga. Dette skjer på Ålesund bibliotek (Keiser Wilhelmsgate 15) onsdag 26. april, kl. 18.00-19.00. Møtet er ope for alle, både verksemder og innbyggarar. På møtet vil det bli valt eit breitt samansett styre som vil leie foreininga fram til det første årsmøtet i foreininga. Kommunen vil gå inn i foreininga etter at det er fatta eit politisk vedtak om det.

Foreininga skal bygge vidare på alt det gode arbeidet og dei nyttige erfaringane som blitt gjort i Framtidslaben og The North West så langt, og vil ta i bruk det opne rammeverket “17.17 Samfunnsutvikling”. Dette rammeverket blir mellom anna brukt i liknande satsingar i Oslo og Trondheim

To nye stillingar, som allereie er lyst ut, vil vere dei første tilsette i foreininga. Den eine stillinga er knytt til festivalen The North West (søknadsfristen er utgått). Den andre stillinga er som leiar for nye Framtidslaben (søknadsfrist 2. mai). I tillegg blir det straks lyst ut to spennande prosjektstillingar som blir knytte tett til satsinga.