Livsmeistring med Livet&Sånn

-Tankar, er nesten som båtar. Nokre av dei kan vi bli med på tur. Nokre er det greitt å berre sende vidare.

Foto bakfra av elever i et klasserom - Klikk for stort bileteDet gjeld livet deira, og dei følgjer nøye med.   

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Vi er på besøk hos ein 7.klasse ved Ellingsøy Barne og Ungdomsskule, for å snakke litt om livet og sånn. Det er ikkje ‘berre berre' å snakke om sånt for alle. Både barn, unge og vaksne kan sjå det som ei utfordring. Men hos vennane våre på Ellingsøya gjekk det fint å snakke både om godt og vondt, midt i skulekvardagen.

Eit ønskt tema

Prosjektet Livet&sånn er det barnevernspedagog Anne-Hilde Lystad som er leiar for. Ho har blitt med oss for å sjå opplegget i bruk, og gi oss nokre tankar rundt det heile.

Foto av kvinne som smiler ute - Klikk for stort bileteAnne-Hilde Lystad   Mellom anna kan ho fortelje at spiren til Livet&sånn vart planta allereie tilbake i 2015. Då underviste ho ungdomsskuleelevar i psykisk helse. Erfaringane med ungdomane viste at elevane opplevde dette som nyttige timar om følelsar, vennskap og det å kunne ta vare på si psykiske helse. Det viste også at elevar burde ha lært meir om dette mykje tidlegare.

 

 

Tverrfagleg utvikling

Sjølv om det er Lystad som formar og bind prosjektet saman, har ho mange rundt seg som bidrar på ulikt vis. Psykologar, spesialpedagogar, helsesjukepleiarar, lærarar og mange fleire sørger for at innhaldet er grundig fagleg forankra.

– Ikkje minst er det viktig for meg å høyre kva elevane sjølv tenker og ønsker. Den stemma er viktig for korleis vi heile tida utviklar Livet& sånn, seier Lystad.

-Når folkehelse og livsmeistring kom med i ny læreplan vaks det fram eit behov for å lage eit heilskapleg og gjennomarbeid materiale skulane kunne bruke.

Som oppfatta, så utvikla.

Til skulestart i 2020 låg det klart eit opplegg som kunne takast i bruk i barneskulane. Undervisningsmateriell vart gjort tilgjengeleg både for lærarar, elevar og foreldre via heimesida til prosjektet. Alt ligg fritt tilgjengeleg for alle, og Anne-Hilde Lystad kan fortelje at fleire skular i landet har tatt det i bruk.

No var det barnetrinnet som var først på plass. Så er det opplegget for ungdomsskulane som står for tur. I samarbeid med Spjelkavik og Brattvåg ungdomsskular testar dei no ut eit nytt opplegg for ungdomane, og produserer nytt materiell til dette.

7.klassen vår

Eg skal innrømme at tanken på å møte ein energisk 7. klasse for å snakke om dagens tema: TANKAR og FØLELSAR, gjorde meg noko skeptisk. Men det kunne eg ta med knusande ro. Kontaktlærar Ingebjørg Sporstøl styrte det heile både trygt og ope. Hender i vêret og friske refleksjonar om å vere redd, glad, trist eller sint, flaut fint av garde i klasserommet. For ein flott gjeng!

Foto av elever som slapper av på pultene sine - Klikk for stort bileteAvslappande ¨frosketid¨ er som ein ladestasjon. Men vi må jo spørje:

-Snakkar de om sånt når de ikkje er på skulen?

Overraskande mange, kanskje, nikka eller sa klart ifrå om at – Jo, det gjer vi.

-Men, det er best å snakke sånn med venner. Ikkje så lett å gjere det med vaksne.

-Kva synest de om at dette blir ein del av skuledagen då?

Her kom det svar som; lurt, bra, fint og VIKTIG.

Representantane Andrea og Elias

Vi fekk helse litt nærare på to av elevane som har følgt opplegget i noko tid. Handballinteresserte Andrea Skarbøvik Storøy og ein mogeleg framtidig proff fotballspelar Elias Viddal. Ingen av dei har noko imot å snakke om innhaldet i opplegget. Trygg. Venner. Kjensler. Kropp. Tankar.

Foto av to barn som setter bøker inn i en bokhylle - Klikk for stort bileteElias og Andrea er ikkje er redd for å snakke om tankar og følelsar.   -Kva liker de best med desse timane?

- Det er når vi ser filmar eller når vi skal teikne eller skrive lappar med nokre av tankane våre.

- Noko av det som er best, er når vi har ‘FROSKETID'.

-Frosketid, Andrea?

- Ja. Først trudde eg det var at vi skulle hoppe rundt og sånn. Men det er at vi skal slappe heilt av. Vi lèt liksom tankane berre flyte rundt.

Dei er samde om at frosketid er veldig fint. - Då er det liksom ikkje noko stress.

Begge gir utrykk for at Livet& sånn er eit bra opplegg å ha på skulen. Omlag ein gong i månaden har dei sånne timar.

Framtida for prosjektet

Erfaringane og tilbakemeldingane i samband med prosjektet er veldig positive. Det ser ut til at elevane verkeleg tar dette på alvor og ser på det som noko som betyr noko bra for dei. Altså eit prosjekt som ser ut til å ha retten til livet.

Foto av kvinne og to elever i et klasserom - Klikk for stort bileteElevane finn tankar som passar til følelsen trist   Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som gir pengar til å drifte prosjektet. Kommunen får 1,5 millionar kroner i 5 år som eit tiltak i satsinga «Program for folkehelsearbeid i kommunane».

Dermed blir det mogleg for Lystad og nettverket hennar gjere dette til eit endå meir solid og viktig verktøy for både lærarar, barn, unge og foreldre.

Når opplegget for ungdomstrinnet er klart, til hausten, er det fullt fokus på barnehagane. Dette blir utvikla i samarbeid med tre pilotbarnehagar. Det heile skal vere klart til bruk i 2022.

Sjå sjølv

Om du vil sjå nærare på dette, kan eg trygt tilrå deg å ta turen innom heimesida til Livet&sånn. Der finn du mykje meir informasjon, og alt materiellet ligg altså fritt tilgjengeleg.