I år fyller Aksla stadion 75 år

Stadionen har betydd og betyr framleis veldig mykje innbyggarane i Ålesund. Den offisielle opninga fann stad 26. mai 1948 og på søndag 10. september markerer vi jubileet.

Gammelt fotografi av Aksla sation - Klikk for stort bilete Bent Brande

Alle fotballklubbane i byen har spelt seriekampar her, og den første landskampen vart spelt den 26. mai 1960 mellom Noreg B og Danmark B. Kampen hadde heile 10.700 betalande tilskodarar(!!!). Det vart totalt fem landlagskampar der, den siste var første damelandskampen.

6 til 7. august 1963 vart det arrangert landskamp i friidrett mellom Vest-Noreg og Island, og seinare også fleire turn- og friidrettsstemne.

I dag blir stadion brukt av Ålesund Friidrettsklubb til trening og konkurransar i sesong. Les meir om stadionen.

75-års jubileum

Søndag 10. september kl. 13.00 blir det markering i samband med friidrettsstemnet Sparebanken Møre Akslaleikane arrangert av Ålesund Friidrettsklubb.

Det blir tale frå kultursjefen Oskar Skulstad og musikkinnslag frå Musikklaget Brage.

Vi gratulerer Aksla stadion med 75 år!