Halvveis i praksistida - Gode rettleiarar har betydd alt for trivsel!

Studentane kjende seg velkomne og har lært mykje allereie etter fire av 10 veker i praksis.

Gruppebilde med kvinnelege studentar - Klikk for stort bilete4 av 6 studentar og 2 av 3 rettleiarar frå venstre: Elida, Maja, Malene, Emilie, Marla, framme Ragnhild.

 Fyrste dagen i praksis med eige program bidrog til ein mjuk start med nyttig informasjon. 

– Vi har flinke rettleiarar som tek oss med på mange av sine oppgåver, for eksempel det å legge inn permanent kateter i urinblæra, å ta blodprøver, sårstell, samt injeksjonar av til dømes insulin. Sjukeheimspraksisen har danna eit godt grunnlag – ein spennande, gjevande og lærerik arbeidsplass!

Ålesund kommune samarbeider tett med NTNU Ålesund om oppfølging av studentar og har no over halvparten av 1.års-sjukepleiestudentane i praksis ved sjukeheimane i kommunen.

Kommunen har to samarbeidsprosjekt med NTNU som er spesielt knytt til utdanning av sjukepleiarar. Eit at dei er “Å lære der og bli der”, som er eit pågåande samarbeid mellom Ålesund kommune, Trondheim kommune og NTNU. Erfaringar frå prosjektet er at rettleiarane betyr «alt» for læring og trivsel på praksisstaden – ja, kanskje også for val av arbeidsplass for framtida. 

Det andre samarbeidet er “Utvikling av Kliniske utdanningseiningar KLUe”  – mellom kommunen og NTNU Ålesund. Foreløpige erfaringar frå prosjektet syner at det er av betydning å ha ein arena for erfaringsutveksling og dialog mellom akademia og leiarar i kommunen. 

Det er meir systematiske evalueringar under arbeid for begge prosjekta, også i form av forskingsartiklar i samarbeid med kommunen.