Her er den førebelse analysen frå U4SSCip (PDF, 2 MB)– United for Smart and Sustainable Cities implementation program. U4SSCip er FNs satsing på smarte og berekraftige samfunn. Ålesundregionen (Ålesund, Sula og Giske) var den første regionen i Noreg som blei tatt inn i programmet og fekk gjennomført analysen. Sjølv om dette er eit utkast, er det ikkje venta vesentlege endringar i sjølve talmaterialet.
Denne analysen er basert på eit arbeid gjort av 16 FN-organisasjonar. Dei har saman kome fram til i underkant av 100 indikatorar som er felles for alle byar og kommunar som er med, uansett kvar dei er i verda. Det at alle blir målt etter eit felles måleverktøy, gjer det lettare å samanlikne oss med andre, og også samarbeide og dele erfaringar med andre byar og tettstader.
I Noreg er det no 12 byar som har fått gjort – eller er i ferd med å gjøre denne analysen av FN. Det er i tillegg til Ålesund, Asker, Bærum, Trondheim, Bodø, Rana, Stavanger, Haugesund, Narvik, Karmøy, Molde og Kristiansund.
Det er Ålesund, Giske og Sula kommunar som har rapportert inn tala til FNs analyseteam. Rapporten er ein nullpunktsanalyse. Tala har fagområda kjent før, men det er unikt å sjå alle målingane samla på denne måten.
Korleis arbeider vi med analysen?
Ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal, ordførar i Giske Harry Valderhaug og ordførar i Sula Jim Arve Røssevold
Formannskapa i dei tre kommunane fekk presentert KPI-analysen på eit felles formannskapsmøte 3. mars. Dei arbeidde også i grupper etter presentasjonen, med tema som:
- Korleis skal analysen av Ålesundregionen få konsekvensar for politiske avgjerder?
- Er det pågåande prosessar som bør skifte retning?
- Har vi prioritert dei kommunale budsjetta riktig?
- Kva for politikkområde ser de særleg behov for å jobbe med?
- Ser de dilemma eller målkonfliktar som kjem til å bli spesielt utfordrande?
- Finn vi åpenbare lågthengande frukter?
Møtet blei sendt direkte på nett og du kan sjå det i opptak i etterkant. Det felles formannskapsmøtet begynte klokka 14.00, etter Ålesund formannskaps møte.
Administrativt
Rådmannens leiargruppe fekk den første gjennomgangen av KPI-analysen på leiarmøtet 2. mars. Her blei dei einige om at dei kallar inn leiarane til eit første møte for å avgjere kva som er det viktigste å ta tak i i eige fagområde.
Om målinga
Dette er den første målinga – altså eit nullpunkt. Det gir eit flott utgangspunkt for å begynne å jobbe med tala. Arbeidet med å ta tak i målingane og det som rapporten viser, startar så snart vi har fått prioritert kvar det er viktig å begynne. Dette arbeidet skjer i samarbeid med fagmiljøa. Her må vi tenke heilskapleg i tillegg til å tenke på kvart spesifikke fagområde.
FN-målinga gir også moglegheiter for næringslivet til å gjennomføre konkrete og berekraftige businessprosjekt. FN-målinga - og samarbeidet med andre samfunnsaktørar, er bakgrunnen for etableringa av Ålesund framtidslab - med moglegeiter for samarbeid mellom kommune og næringsliv.
Sjå korleis vi jobbar med Smartbyen Ålesund