Dette betyr Helseplattformen for deg som innbyggar 

For å gi deg god helsehjelp, må helsepersonell ha informasjon om deg. I dag blir opplysningane lagra i ulike system – på helsestasjonen, hos fastlegen din eller på sjukehuset der du kanskje har vore til behandling. Gjennom Helseplattformen blir alt samla i eitt og same system. 

Smilende eldre kvinner - Klikk for stort bilete Logan Weaver

Når informasjonen om deg blir lagra i ulike system betyr det at helsepersonell ikkje nødvendigvis har nok informasjon om deg for å gi deg dei rette helsetenestene. Helseplattforma gir eit felles og sikrare journalsystem for heile helsetenesta. 

- Dette gjer det enklare for helsetenestene å behandle deg då helsepersonell vil ha tilgang til all relevant informasjon og slepp dermed å bruke tid på å leite opp og samle informasjon om deg som pasient. I tillegg er det dyrt, ressurskrevande og ikkje heilt risikofritt å drifte ulike system, som kvar må settast opp til å kunne sende informasjon mellom systema, fortel kommunalsjef for helse og omsorg, Synnøve Vasstrand Synnes. 

Desse får tilgang til informasjonen om deg 

28. april vil kommunale helsetenester ta i bruk Helseplattformen. Dette gjeld institusjonar, heimetenester, bemanna bustader, psykisk helsevern, helsestasjonar, jordmødre med meir. 

Sjølv om vi no samlar helseopplysningar i Helseplattformen så betyr det ikkje at alt helsepersonell vil ha tilgang til all informasjon.  

Det betyr at det er berre dei som behandlar deg som har tilgang på det dei treng og må.

Løysinga for fastlegane og for sjukehuset i Ålesund kjem på plass på eit seinare tidspunkt. Denne delen av løysinga skal utviklast og kvalitetssikrast vidare, før ho blir tatt i bruk. 

Slik har du kontroll på din informasjon

I HelsaMi finn du opplysningane som sjukehus, kommunar og fastlegar legg inn i Helseplattformen. I starten vil HelsaMi ha lite innehald for dei fleste av oss, men etter kvart vil du sjå fleire opplysningar om kontakta di med helsetenesta. 

Allereie no kan du gå inn, sjekke at informasjonen om deg stemmer og legge inn kven du ønsker skal vere dine pårørande. 

Dette kan du gjere i HelsaMi når Ålesund kommune tar i bruk Helseplattformen:

  • Søke om kommunale helse- og omsorgstenester 
  • Sjå og bestille timar hos psykiske helsetjenester

Slik logger du deg inn og bruker HelsaMi 

eller 

  • Logg inn på nettsida HelsaMi.no 
  • Du loggar på med sikker innlogging med ID-porten (til dømes Bank-ID). 

Du kan også få tilgang på vegne av andre som ønsker at du skal ha oversikt og høve til å kommunisere for deg. Det kan til dømes vere barna dine, eldre forelder eller andre du er pårørande til. 

Les meir om HelsaMi.

Kva med Helsenorge? 

Du vil framleis ha tilgang til helsenorge.no. HelsaMi vil etterkvart innehalde meir informasjon.  

Kva med dei som ikkje bruker digitale tenester? 

Du kan framleis endre og bestille timar på telefon som før. 

Viss du ønsker, kan du også la ein av dine næraste pårørande eller andre få tilgang til opplysningane dine i HelsaMi. Då kan dei mellom anna hjelpe deg med bestilling av timar og halde oversikt.