Delvis byggestans

Fleire reinseanlegg i Ålesund innfrir ikkje reinsekrava, og Ålesund kan ikkje lenger godkjenne byggesaker som gir auka påslepp til ikkje-godkjende anlegg. Dersom ein held framdrifta med Kongshaugen reinseanlegg og får utsleppsløyve på plass, kan kommunen søke om midlertidig unntak frå byggestopp i områda som skal overførast dit.

Foto av Ålesund by tatt frå Fjellstua på Aksla.  - Klikk for stort bilete Øyvind Heggstad

Plan- og bygningslova (§27-2. Avløp) seier at «Før opprettelse eller endring av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent, skal bortleding av avløpsvann være sikret og i samsvar med forurensningsloven». Fleire reinseanlegg i Ålesund innfrir ikkje dette kravet, og difor blir det framover nokre byggesaker som Ålesund kommune ikkje kan godkjenne.

Kommunedirektøren seier dette er svært dramatisk for ein utviklingskommune som Ålesund, og kommunen arbeider med tiltak som kan betre situasjonen både på kort og lang sikt.

Det mest omfattande tiltaket er å få utsleppsløyve for Kongshaugen reinseanlegg. Med det på plass og dersom ein held framdrifta med bygging av reinseanlegget på Kongshaugstranda, så kan kommunen søke om dispensasjon frå byggestans for områda som skal knytast til Kongshaugen. Det gjeld områda som soknar til reinseanlegga i Breivika, Larsgården og Flisnes.

Dette er status for dei største anlegga:

  • Reinseanlegg i Larsgården (RA3): Anlegget oppfyller ikkje reinsekrav i utsleppsløyve. Det kan derfor ikkje bli gitt nye byggeløyve som gir meir belastning på anlegget.
  • Reinseanlegg i Breivika (RA5): Anlegget oppfyller ikkje reinsekrav i utsleppsløyve. Det kan derfor ikkje bli gitt nye byggeløyve som gir meir belastning på anlegget.
  • Slamavskillar i Bingsa (RA21):  Anlegget oppfyller ikkje reinsekrav i utsleppsløyve. Det kan derfor ikkje bli gitt nye byggeløyve som gir meir belastning på anlegget.
  • Reinseanlegg på Aspøya (RA2): Anlegget oppfyller ikkje heilt reinsekrav i utsleppsløyve. Det blir arbeidd med tiltak for å betre situasjonen på kort sikt. Byggeløyve vil måtte avklarast i kvart enkelt tilfelle.
  • Slamavskillar på Flatholmen (RA20): Oppfyller ikkje reinsekrava. Det må etablerast overføring til reinseanlegget på Aspøya.
  • Reinseanlegg på Flisnes (RA6): I dag oppfyller anlegget krava, men det er nokre utfordringar som kan forverre situasjonen på sikt. Byggeløyve vil måtte avklarast i kvart enkelt tilfelle.
  • Slamavskillar i Løvika (RA15): Oppfyller ikkje reinsekrava og maks kapasitet er nådd. Det må etablerast overføring til reinseanlegget på Flisnes.

Det gir desse tiltaka for desse områda:

Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedomen knytt til Larsgården, Breivika og Bingsa reinseanlegg vil ikkje bli godkjent.

Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedomen knytt til Aspøy og Flisnes reinseanlegg vil måtte avklarast i kvart enkelt tilfelle.

Oversikt over kva type byggesøknader som gir auka påslepp:

Oversikt over kva type byggesøknader som gir auka påslepp:
  Ikkje auka påslepp Auka påslepp
Garasje utan eiga bueining. X  
Uthus, hagestove, terrasser og andre liknande mindre tiltak X  
Bruksendring for ei bueining X  
Ny oppretting av ny bueining ved oppdeling av bustad, tilbygg eller påbygg   X
Etterfølgande godkjenning av allereie etablerte bustader som manglar formell godkjenning i medhald av plan- og bygningsloven X  
Bruksendring frå eitt formål til eit anna som gir meir belastning på anlegget. For eksempel frå lager til kontor eller frå fritids- til heilårsbustad.   X
Bruksendring frå eitt formål til eit anna utan at det blir større belastning på anlegget. For eksempel frå kontor til lager, forretning osv. X  
Mindre tilbygg utan eiga bueining. For eksempel tilbygg til bustadhus mindre enn 50m2 BYA / BRA X  
Mindre påbygg utan eiga bueining X  
Riving og oppføring av nytt bygg med same belastning X. Berekning av nytt og gamalt utslepp leggast ved byggesøknaden.  
Større tilbygg som gir auka utslepp frå eigedomen Må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Berekning av nytt og gamalt utslepp leggast ved byggesøknaden.

Kommunen har vurdert alternativ med mindre lokale sekundærreinseanlegg som slepp reinsa utslepp inn på det kommunale nettet. Dette alternativet vil auke belastninga på reinseanlegg som ikkje oppfyller krav i utsleppsløyvet, og kan dermed ikkje godkjennast.

Kommunen kan vurdere unntak i område der det i dag ikkje er bygd ut kommunal avløpsløysing og der eit mindre lokalt sekundærreinseanlegg kan ha eit godkjent utslippspunkt.