Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Ålesund i berekraftsmeldinga

Ålesund og arbeidet kommunen gjer for å bidra til å nå FNs berekraftsmål blir lagt merke til. No sist i regjeringa si berekraftsmelding "Mål med mening" som blei lagt fram 23. juni.

ill. forsida av berekraftsmeldinga til regjeringa - Klikk for stort bileteRegjeringas berekraftsmelding 

Stortingsmeldinga Mål med mening handlar om Noregs arbeid med berekraftsmåla fram mot 2030.

Ålesund kommune og arbeidet gjennom Framtidslaben og i prosjekt er nemnd fleire gangar:

Jakten på bærekraftsmetoden:

Dette er eit prosjekt som skal utvikle ein metode for å finne løysingar på lokale berekraftsutfordringar i møre og Romsdal. Prosjektet er eit samarbeid mellom Framtidslaben, Møre og Romsdal fylkeskommune, OiER/U4SSC (FNs program for smarte og berekraftige byar), KPMG og UN Global Compact.

Prosjektet tar utgangspunkt i bærekraftsutfordringar for kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund innan tre område:

  • Inntektsgap mellom menn og kvinner
  • Vatn og avløp
  • Avfallshandtering og sirkulær økonomi.

Prosjektet var finansiert av Sparebanken Møre.

Bærekraftsnettverket

Bærekraftsnettverket er eit prosjekt der norske kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og bedrifter arbeider for å få ei smart og berekraftig utvikling av byar og lokalsamfunn. Resultat og løysingar blir delt mellom aktørane og internasjonalt.

Ålesunds digitale tvilling

Den digitale tvillingen gir Ålesund kommune eit verktøy for å visualisere ulike løysingar i samfunnsplanlegginga. 

Ein digital tvilling er ein digital versjon av kommunen, basert på ulike kartlag og store mengder data som blir presentert visuelt som eit slags dataspel i 3D. Her er det gater, bygningar, hav og bekkar – og alt anna kommunen og forskarane meiner bør vere med for å skape ein nyttig modell som kan brukast til å simulere effektar av ulike val og endringar.

Den digitale tvillingen skal gjere det raskare og meir effektivt å utnytte tilgjengelege data for å sjå effekten av ulike val, og gjere det  lettare for saksbehandlarar, politikarar og innbyggarar å sette seg inn i scenarioa. Det er eit teknologisk verktøy som kan brukast til å nå berekraftsmåla.

Rapportering til FN fra kommunene

Ålesund var den første kommunen i Norge - saman med Giske og Sula, som fekk arbeidet sitt med berekraftsmåla evaluert ved hjelp av U4SSC (United for smart and sustainable cities) si analyse. No er det mange fleire som er med, og Ålesund, Asker, Rana og Trondheim sine resultat blei presenterte for FN i samband med UNECEs Forum of Mayors i oktober 2020

Til toppen