Offentleg høyring - Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Ålesund kommune

Ålesund kommune treng ei ny forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar som gjeld heile Ålesund kommune. Det er berre områda som ligg innanfor tidlegare Sandøy og Ålesund kommune som er omfatta av gjeldande lokale forskrifter om open brenning.

Formålet med forskrifta er å forhindre forureining og helseproblem i kommunen som følge av open brenning og brenning av avfall i småomnar, inkludert vedomnar og peisar.

Forskrifta vil føre til like reglar og lik sakshandsaming av saker om open brenning og brenning av avfall i småomnar for alle innbyggarane i kommunen, uavhengig av kva kommune ein tidlegare høyrde til.

Ålesund formannskap gjorde følgande vedtak 14. juni 2024:

Ålesund formannskap vedtek at forslag til forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Ålesund kommune, Møre og Romsdal vert sendt ut til offentleg høyring, jf. forvaltningslova § 37.

Les meir om saka her.

 Forslag til forskrift om open brenning og brenning i småomnar, ålesund kommune, Møre og Romsdal_134062_1_A_2314079 (PDF, 124 kB)

Merknader til høyringa

Innspel og merknader kan sendast på desse måtane til Ålesund kommune:

Merk e-posten eller brevet med: Offentleg høyring- Forskrift om skolefritidsordning (SFO) i Ålesund kommune

Ansvarlig for høyringa: Verksemd for vatn og avløp, avdeling myndigheit

Høyringsfrist: 1. september 2024