Forslag til ny forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider i Ålesund kommune

Kommunen sender med dette på høyring eit forslag til ny forskrift om opningstider for serverings-, sals- og skjenkestader i Ålesund kommune. Forslaget vert sendt ut til salsstader, serveringsstader med og utan alkoholservering, politi, og skjenkekontrollør i Ålesund kommune.

Opningstidene i forslaget er noko utvida samanlikna med opningstidene som går fram av forskrift for tidlegare Ålesund kommune. Dersom forslaget til ny forskrift blir vedteken, vert det tilrådd at ho gjeld fram til noko anna blir bestemt.

Dokument i saka

Forslag til forskrift (PDF, 4 MB)

1.      Bakgrunn

I lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova) § 13 første ledd står det at: «Ved samanslåing og deling av kommunar [...] gjeld lokale forskrifter og vedtekter framleis for vedkomande område inntil dei blir endra». Lova set ikkje nokon frist for tilpassing av det lokale regelverket, men etter Ot.prp. nr. 41 (2000-2001) side 75 bør dette som hovudregel gjerast i løpet av det første året. 

Det lokale regelverket på området kan altså tilpassast i samband med kommunedelinga. Politisk er det no uttrykt ønske om å utvide sals- og skjenketidene i kommunen. 

Forskrifta til tidlegare Ålesund kommune ligg her: Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk, Ålesund kommune, Møre og Romsdal - Lovdata 

2.      Vurdering

Sjølv om framlagte forslag inneber at sals- og skjenketidene for kommunen generelt blir utvida samanlikna med før kommunedelinga, er det vektlagt at forskrifta berre gir ei ytre ramme for opnings- og skjenketidene. Det er altså ingen plikt til å halde ope så lenge forskrifta gir ramme til, og serverings- og skjenkestadane kan normalt bestemme eigne opningstider innanfor ramma sjølv. 

Lov 2. juni 1989 nr. 27 om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven) §§ 3-7 og 4-4 gir kommunestyret heimel til å innskrenke eller utvide tidene for sal-/ skjenking generelt for kommunen eller for enkelte sals-/ skjenkestadar. I alkohollova er det fastsett ei normalskjenketid. Kommunen kan i bevillingsvedtaket eller i forskrift innskrenke eller utvide opningstidene, men ikkje utover maksimaltidene som går fram av lova.                      

2.1.                       Sal av alkoholhaldig drikk

Forslaget til ny forskrift inneber utvida tid for salsstopp på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan med tre timar frå kl. 15.00 (etter gammal forskrift) til kl. 18.00. Elles er salstidene etter gammal forskrift i samsvar med maksimaltidene etter alkohollova. Desse vert vidareført i forslaget til ny forskrift. 

2.2.                       Skjenking av alkoholhaldig drikk

For det som gjeld skjenketider er det mogeleg innanfor alkohollova sine maksimaltider å utvide skjenketida med 1 time til kl. 03.00. Med ei eventuell utviding av skjenketida må også opningstida utvidast tilsvarande, ettersom ein gjest ved ein skjenkestad har 30 minutt til å konsumere skjenka alkohol etter at skjenketida er slutt, samt at skjenkestaden vil ha behov for noko tid til å få tømt lokalet. Maksimal opningstid for ein skjenkestad vil då bli til kl. 04.00. 

2.3.                       Serveringsstader utan skjenking

Heimelen til å fastsette opningstider for kommunens serveringsstader i forskrift, er lov 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsvirksomhet (serveringsloven) § 15.

Forslaget inneber for serveringsstader utan skjenkebevilling, at desse med tilsvarande praksis som etter eksisterande forskrift, som hovudregel vil kunne ha same maksimale opningstid som skjenkestader. Det er ikkje lagt inn nye avgrensingar i forslaget til ny forskrift for desse serveringsstadane. Dette gjeld serveringsstader kor det serverast mat og drikke, og der forholda ligg til rette for fortæring på staden. Som slik serveringsstad reknast restaurant, kafé, konditori, gatekjøkken, pub, kiosk og bensinstasjonar som sel gatekjøkkenmat. 

Merk at foreslått opningstid for serveringsstader i kommunen ikkje gjeld servering ved overnattingsstader til overnattingsgjestar, sjå serveringsloven § 15. 

Ved vurdering av forslaget om opningstider for serveringsstader utan skjenkebevilling er det vektlagt at rettferdsomsyn kan tilseie like reglar. På den andre sida er det mindre tungtvegande omsyn som gjer seg gjeldande når det gjeld å regulere opningstidene for serveringsstadar utan alkoholsal. Dette tilseier at det for bensinstasjonar og serveringsstadar utan skjenkebevilling bør vere mogleg å søke om/få dispensasjon til å halde ope lenger ut frå ei konkret vurdering, sjå § 3 i forslaget til ny forskrift. 

3.      Høyring

For å sjå til at saka vert så godt opplyst som mogeleg før endeleg vedtak treffast, sjå lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) § 37, vert forslaget lagt fram for serveringsstadar, salsstader, skjenkestadar, samt politi og skjenkekontrollør i Ålesund kommune. 

4.      Dokument i saka

Forslaget til ny forskrift, og andre dokument i saka finn de vedlagt. (PDF, 4 MB)

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast slik:

Eventuelle merknader kan sendast til Ålesund kommune på ein av følgande måter:

Merk e-posten eller brevet med Offentleg høyring –  Forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider i Ålesund kommune

Ansvarlig for høyringa: Innbyggartorg, Avd. Nærmiljø og service 

Høyringsfrist: 21. mai 2024