Vi ber om skriftlege merknadar og innspel til:
- Høyring av rullert handlingsprogram
- Søknad om inntak av tiltak i handlingsprogram
- Kortsiktig/prioritert del
- Langsiktig/uprioritert del
Søkar må legge ved dokumentasjon i søknaden som spesifisert i vedlegg om krav til opptak.
Tiltaket skal som hovudregel vere inntatt i det prioriterte handlingsprogrammet, før ein kan søke om spelemidlar. Inntak i handlingsprogrammet er ikkje ein garanti for tilsegn av tilskot frå spelemidlane.
Alle med interesse for tilrettelegging, utvikling eller bygging av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv kan kome med innspel til anleggstiltak, eller merknad til rullering av handlingsprogrammet.
Dokument i saka
Merknader til høyringa
Innspel og merknadar kan sendast på desse måtane til Ålesund kommune:
Kopi sendast til Ålesund idrettsråd: leder@alesundir.org
Ansvarlig for høyringa: Fagstab kultur og medborgarskap
Høringsfrist: 13. mai