Fakta om Ålesund

1. januar 2020 vart dei tidlegare kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy slått saman til Ålesund kommune. Her finn du fakta om Ålesund kommune.

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim. 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Vi har òg Noregs største fiskerihamn, Noregs tredje største containarhamn og er landets fjerde største eksporthamn.   

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  

Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.

Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr, Ulla fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 

Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Geografi

Ålesund kommune ligg i Møre og Romsdal fylke.

Det totale arealet til kommunen er på 1.458 km2, kor 1.087 km2 er havareal og 371 km2 er landareal.

Av landarealet er 353 km2 fast land/øyer og 18 km2 er innsjøar.

Sjå kart over Ålesund (GeoInnsyn).

Kommunedelar og befolkning

Ålesund har 58 422 innbyggere (per 01.01.2024).

Folketal i Ålesund kommune per kommunedel 2024
Kommunedel Innbyggere
Ellingsøy 2 863
Hessa, Skarbøvik og Aspøy 9 655
Indre Borgund 10 274
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane 13 655
Sandøy 1 126
Skodje 4 943
Spjelkavik, Åse og Lerstad 13 619
Ørskog 2 277
Sum 58 422

Politisk leiing

Ålesund sin ordførar er  Håkon Lykkebø Strand (FrP) og varaordfører er Monica Molvær (H.

Sjå korleis Ålesund kommune blir styrt politisk.

Administrasjon av kommunen

Sjå årsmeldingar frå Ålesund kommune.

Meir informasjon