Om vatn og avløp

Vatn og avløp sørger for reint vatn til folk og fjord.

Vatn og avløp (VA) i Ålesund kommune leverer kvar dag 27 millionar liter reint vatn.

Vatnet er drikkevatn til nesten halvparten av innbyggarane på Sunnmøre; nærare 70.000 innbyggarar i Ålesund og Sula i tillegg til reservevatn til Giske.  Vatn og avløp i Ålesund er dermed den største næringsmiddelprodusenten mellom Bergen og Ålesund. 

I tillegg vert vatnet vi behandlar og leverer også brukt til å lage rein kvalitetsmat hos næringsmiddelindustrien i regionen.

Og det er sjølvsagt dette vatnet som er på plass når brannvesenet er ute og sløkkjer brannar.

Over 100 mil med rør

For å frakte reint vatn frå Brusdalsvatnet til folk og industri og deretter reinast mogleg vatn ut i fjord og fjøre, har vi over 100 mil rør - like langt som frå Ålesund til København. Vi har også 126 pumpestasjonar og til sist ei rekkje reinseanlegg for å reinse avløpsvatnet før det blir sendt ut i fjøre og fjord. 

Mange ulike fagfolk

Til å drive, vedlikehalde og reparere dette har vi mange dyktige driftsoperatørar og andre fagfolk i drifta. 

Vatn og avløp har dessutan eit stort ingeniørmiljø med rundt 30 ingeniørar som planlegg og prosjekterer, driftar og utviklar. No står det om lag 90 nye, store og små prosjekt på prosjektlista vår. 

Og når det gjeld digitalisering, er VA i Ålesund mellom dei fremste i landet. 

Vi har dessutan tilsette som arbeider med mynde, kontroll og tilsyn, leidningsdata, HMS, økonomi, digitalisering osv.

Til saman er vi om lag 80 tilsette i vatn og avløp.

Hovudkontoret ligg i Storgata i Ålesund i tillegg til at vi har folk på Steinshamn, Skodje, Sjøholt, Vasstranda og Åse. 

Vatn og avløp

  • planlegg, bygg, forvaltar, driv og vedlikeheld alle kommunale vass- og avløpsledningar og anlegg
  • har ansvar for tilsynssaker, pålegg, gebyr og forureiningssaker  
  • har ansvar for leidningsdata og tilhøyrande kartinformasjon om vatn- og avløpsnettet

 

Vatn og avløp sitt samfunnsoppdrag er også ein viktig del av beredskapen til regionen: 

Vatn - du greier deg ikkje utan.