Puls 5/5
Påmelding
- Kva skal til for at vi skal vere ein kommune med eit robust og blomstrande kulturliv?
- Kva for aktørar må vi styrke?
- Kan dei ulike fagområda i kunst- og kulturlivet styrke hverandre, og kan vi eige problemstillingane på tvers av virke?
Desse spørsmåla og mange fleire ønsker vi å stille når vi hausten 2023 inviterer aktørar fra kunst- og kulturlivet til ei møterekke med totalt fem samlingar.
Om samlingane
Ålesund kommune skal gjennomføre ein serie med nettverksamlingar for, av og med kulturlivet i kommunen vår. Vi vil ta for oss fem ulike tema på fem ulike samlingar der vi hentar både lokale og eksterne perspektiv, i tillegg til å køyre innspelsrundar rundt tematikkene vi løfter fram. Dette vil vere med på å bygge opp under ny metodikk for stad - og tenesteutvikling der kunst, kunstnarar og kultur skal ha ei sentral rolle. Utfallet av samlingene dannar kunnskapsgrunnlag for vidare planarbeid i kommunen.
Målet er at vi saman skal bygge innsikt og forståing for dei ulike fagområda, og at vi saman kan eige utfordringane kulturlivet står ovanfor.
Praktisk informasjon:
- Samlingane finn stad i 6. etasje på Pir.
- Moderator for samlingane er André Ulveseter.
- Vi startar med felles lunsj levert av Dampsentralen.
- Deretter går vi over til faglege innspel frå to ulike perspektiv innanfor dagens tematikk før vi opnar opp for ein moderert panelsamtale.
- Dette skal danne grunnlag for innspelsrunden der vi ber dykk, publikum, om å dele utfordringar og gode idear som kan føre til løysingar. Gjennomføring og innsamling av innspel vert fasilitert og dokumentert av Piwot.
- NB! Vi har kun 40 plassar. Meld deg på no! Meir informasjon om innleiarar og foredragshaldarar kjem.
Møterekka
Tema: Kulturnæring - "Korleis bygge ei økonomisk stabil kulturnæring?"
Kulturnæring
Tid: Tysdag 19. september kl.12:00 -16:00.
Somme hevdar det er eit skille mellom kulturelle, kreative og andre typar næringar. Er det det?
I denne samlinga møter du:
Anne Britt Gran
Anne-Britt Gran er professor i kulturpolitikk og kulturanalyse ved Handelshøyskolen BI, der hun har vært med å bygge opp bachelorprogrammet i Creative Industries Management og forskningssenteret BI Centre for Creative Industries. Gran har tidligere vært tilknyttet både UiO, NTNU, Universitetet i Århus og Norsk kulturråd.
Hennes forskningsinteresser er bla digitalisering, arts in business, teaterbransjen og teaterhistorie, kulturpolitikk, kultursponsing og idehistoriske perspektiver.
Kathrine Synnes Finnskog er leder for utvikling og strategi i Momentium. Hennes
Kathrine Synnes Finnskog
første oppgave er å revitalisere Løvenvold Theater i hjertet av Ålesund. Finnskog kom fra jobben som direktør i Music Norway, som hun bidro til å etablere på oppdrag fra Kulturdepartementet og i tett samarbeid med Utenriksdepartementet.
Som gründer og leder av sine egne musikkselskaper i en årrekke, både innenfor management og marketing, har Finnskog ledet, lobbyert for og utviklet tiltak og virkemidler som styrker den kreative næringen.
Finnskog har tatt initiativet til flere nettverk innen kulturfeltet, og er i dag styreleder i musikkakademiet Limpi på Lillehammer og sitter i styret i by:Larm.
Tema: Kulturfrivilligheit - "Kva er føresetnadene for å lykkast med kulturfrivilligheit over tid?"
Kulturfrivillighet
Tysdag 10. oktober kl.12:00 – 16:00. Meir informasjon om innleiarane kjem.
Tema: Kunst og kunstnarar si rolle i samfunnet - "Korleis bruke kunst og kultur som verktøy/metodikk for eit betre by- og tenestetilbod?"
Kunst og kunstnere sin rolle i samfunnet
Torsdag 16.november kl.12:00 – 16:00. Meir informasjon om innleiarane kjem.
Tema: Kunst - og kulturformidling - "Korleis kan vi gje innbyggarane felles opplevingar og moglegheit til å delta i kunst - og kulturlivet?
Kunst - og kulturformidling
Tid: Torsdag 7. desember kl.12:00- 16:00. Meir informasjon om innleiarar kjem.
Tema: Publikumsutvikling - "Har vi nok innsikt til å kunne nå fleire? Kan vi lære av kvarandre og få til et felles løft?"
Publikumsutvikling
Tid: Torsdag 25. januar kl. 12:00-16:00. Meir informasjon om innleiarane kjem.
Samlingane er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Re-Value prosjektet i Ålesund kommune og Sørsida Utvikling AS.
Vi håper at alle med roller i kunst – og kulturlivet i kommunen vår deltar på alle samlingane.