Kvalitet på badevatn

Her kan du finne informasjon om kvaliteten på badevatn i Ålesund kommune.

I Noreg er risikoen for å bli sjuk ved bading normalt liten. Ein del område mottar imidlertid lokaliserte eller diffuse utslepp av avløpsvatn frå omliggande bustadar, industri eller jordbruk, noko som kan føre til overføring av smittsame sjukdommar og fremkalle allergiske reaksjonar.

I sommarmånadane testar Ålesund kommune badetemperatur og kvaliteten på badevatnet på utvalde badeplassar. Prøver tatt gjennom fleire år, viser at vasskvaliteten i kommunen vår generelt er bra. I periodar med mykje regn, kan det vere høgare verdiar av bakteriar enn normalt nokre stader.

Dersom prøver skulle gi resultat som viser at bading ikkje er å tilrå, vil dette bli informert om på nettsida til kommunen og ved den enkelte badeplassen.

Brusdalsvatnet er hovudvasskjelda for Ålesund og Sula, og beredskapskjelde for Giske. Det er generelt forbod å bade i vatnet for andre enn dei som budde og/eller hadde eigedommar på klausuleringstidspunktet i 1972. 

I Brusdalsvatnet og Vatnevatnet er det påvist cercarier som kan gi svømmekløe (cercariedermatitt).

Lovhenvisning

Sjå også

Ansvarleg for tenesta