Her kjem det meir informasjon om søppelryddingsaksjonar i regi av kommunen og andre aktørar.
Vårrydding
Ruskenaksjonen 2020
Rusken avfall gjeld avfall som blir samla inn langs vegar og stiar og i friområde. Kommunen tilbyr henting.
Det er eigne aksjoner for blant anna strandrydding her i kommunen, sjå nederst på sida.
Meld deg på Ruskenaksjonen 2020 på e-post i veke 22 og 23
Indre og nordre (gamle Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy): post@arim.no
Ytre (gamle Ålesund): rusken@alesund.kommune.no
Dette må med i påmelding
- Arrangør (f.eks ei velforening)
- Kontaktperson for hentinga
- Fullt namn og telefonnummer
- E-postadresse
- Nøyaktig henteadresse, berre eitt hentepunkt
- Ønska hentedato kvardagar mellom 15.06.20 - 26.06.20 (for gamle Ålesund) og ønska dag i henhold til renovasjonskalender (for gamle Haram, Skodje, Ørskog og Sandøy)
Om henting
Dei som ynskjer å delta i oppryddinga kan få utlevert avfallssekkar på nærmaste miljøstasjon. Avfallet må samlast i handterlige sekkar og sett fram til køyrbar veg. Sekkane må ikkje innehalde større gjenstandar, stein, metall eller farlig avfall. Det avfallet som ikkje går i sekk, må ein sjølv bringe til ein miljøstasjon.
Henting av avfall skjer etter avtale og seinast i veke 26.
I indre og nordre del av kommunen vil avfallet hentast på vanleg renovasjonsrute for restavfall, maks 5 meter frå vegkant.
Hageavfall kan leverast gratis på din miljøstasjon heile året.
Andre ryddeaksjonar