Telefonvarsling til innbyggarane

Når viktig informasjon må ut raskt, vil Ålesund kommune sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som berre er registrert med fasttelefon.

Adressebasert varsling

Adressebasert varsling kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot

Du kan sjekke om du blir varsla og finne meir informasjon om adressebasert varsling her:

Les meir om adressebasert varslingssystem

Flyalarm (tyfon)

Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Les meir om Sivilforsvaret  si varsling av befolkninga her.