Du kan hjelpe flyktninganeHar du ledig bustad eller vil du vere frivillig? Her finn du meir informasjon. Har du ledig bustad til flyktningar? Ålesund kommune held på å kartlegge bustadar som kan passe til busetting av flyktningar. Vi er interesserte i bustader frå heile kommunen. Før vi inngår leigekontrakt gjennomfører vi ei synfaring saman med brannvesenet og personell frå Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) for å kontrollere at bustaden er i god stand og er godkjent for utleige. Kommunen vil ta kontakt dersom det er behov for å leige bustaden din. Dei mest aktuelle bustadane har mellom 1 til 4 soverom og stove, kjøkken og bad. Treng ikkje vere møblert. Utleigeprisen må ikkje overstige marknadsprisen. Registrer deg og bustaden din Ønsker du å hjelpe som frivillig? Frivilligsentralane har oppretta ei arrangørside på Friskus. Det vil hjelpe oss å få ei oversikt over kven vi har med på laget. Døme på oppgåve som kan trengast hjelp til er: fadder/støtteperson praktisk hjelp språkhjelp/oversetter hjelp til å bli kjent i lokalsamfunnet Meld deg til å hjelpe Sist endra 30.11.2022 14.09