Kriseteam

Kriseteamet er ei tverrfagleg støtte- og rådgivingsgruppe som kan tre i funksjon ved alvorlege ulykker og ekstraordinære kriser.

Kriseteamet inngår som ein del av Ålesund kommune sin beredskap ved kriser og katastrofar. Teamet kan stillast til disposisjon for, og samarbeider ofte med politi, AMK, legevakta og kyrkja. I tenesta inngår fagpersonell frå helse, sosial, skule, politi og kyrkje.

Kriseteamet blir bemanna etter omfanget av hendinga eller ulykka. Teamet kan vere til hjelp i ein akuttfase, men er ikkje meint å erstatte det ordinære hjelpeapparatet.

Teamet er organisert for å trå til på kort varsel ved ulykker og kriser, der det eksisterande apparatet ikkje åleine er i stand til å handtere den oppståtte situasjonen. Dei vil då kunne vere med å møte pårørande, vitne, skadde og andre involverte i ein akuttfase for å yte omsorg, og for å formidle kontakt til eksisterande hjelpeapparat.

Andre aktuelle oppgåver kan vere: - debrifing på arbeidsplass etter alvorleg arbeidsulykke eller dødsfall på arbeidsstaden - akutt omsorg for involverte etter alvorlege valdsepisodar eller drap - omsorg i akuttfasen for overlevande, vitne og pårørande ved større ulykker.

Teieplikt/samtykke

Teieplikta inneber at personellet skal hindre at andre får tilgang eller kjennskap til opplysningar om personlege forhold som dei får vite om.

Pasient og medlem i kriseteamet kan på grunnlag av samtykke godkjenne at teiepliktige opplysningar blir gitt vidare. Opplysningar kan òg givast til samarbeidande personell når dette er nødvendig for å yte forsvarleg helsehjelp til pasienten, med mindre pasienten motset seg dette.

Målgruppe

Alle som bur og mellombels oppheld seg i Ålesund kommune kan nytte seg av denne tenesta knytt til ei hending eller krisesituasjon definert av politiet, AMK eller kommunen.

Vilkår

Det er kriseleiinga i kommunen, politiet, brannvesenet eller AMK som vurderer behov for - og som kallar ut/kontaktar kriseteamet ved ei hending.

Prisar

Kriseteamet er ei gratis teneste.

Lovtilvisingar

Kommunehelsetjenesteloven §1-5 og lov om helsemessig og sosial beredskap.

Sjå også: Statsforvalteren i Møre og Romsdal – Samfunnssikkerhet og beredskap

Kontaktpersonar