Beredskapsarbeid i kommunen

Kommunen har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ivareta befolkninga si sikkerheit og tryggheit innanfor sine geografiske område.

Heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse(ROS-analyse)

For å kunne førebygge kriser og ha ein god beredskap må vi først vite kva for kriser som kan ramme kommunen vår. Heilheitleg ROS-analyse er ei samla oversikt over risiko og sårbarheiter som fortel oss kva vi må arbeide for å førebygge og kva vi må ha ein beredskap for å handtere.

Vi arbeider systematisk gjennom alle tenestene våre for ein trygg kommune. Alt frå helsetenester, skolar, fritidstilbod, vedlikehald av bymiljø og klimatilpasningstiltak er ein del av arbeidet med å førebygge uønskte hendingar.

Verksemder med ansvar for kritisk infrastruktur som vassforsyninga og IKT overvakar drifta kontinuerleg og sett inn tiltak umiddelbart dersom ei uønskt hending oppstår.

Ålesund kommune og politiet

I ei krise bistår vi Møre og Romsdal politidistrikt med ressursar for å redde liv og hindre skade.

Relevante lover og forskrifter

Kommunen si beredskapsplikt er fastsett i Sivilbeskyttelsesloven.
I tillegg er det krav til vår beredskap i fleire lover og forskrifter som for eksempel Helseberedskapsloven, Folkehelseloven, Drikkevannsforskriften, Forskrift om kommunal beredskapsplikt, Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann- og redningsvesen og nødmeldesentralene (brann- og redningsvesenforskriften)