Atomberedskap

Atomhendingar har lav sannsynlighet, men kan gje svært alvorlege konsekvensar. Difor krev det ein godt planlagt beredskap

Atomhendingar kan vere både utilsikta og tilsikta, små og store hendingar i fredstid og ved sikkerhetspolitisk krise/krig, og som kan innebere stråling eller spredning av radioaktive stoff.

Organisering av atomberedskapen i Norge er bygget opp rundt Kriseutvalget for atomberedskap. Kriseutvalet er samansett av representantar for sentrale beredskapsmynde, og består mellom anna av Statens strålevern, Helsedirektoratet, Forsvaret, Kystverket og Matilsynet m.fl. Utvalet skal sørge for koordinert innsats og informasjon ved ei atomhending, når denne kan ramme Noreg.          

Det er statsforvaltaren i Møre og Romsdal som er utvalet sitt regionale ledd, og som skal bidra til iverksetting av samordna tiltak regionalt.          

Kommunal beredskap går i stor grad ut på å legge til rette for å utføre tiltak som blir gitt frå statlege myndigheiter.          

Tiltak for å redusere konsekvens          

Ved dei fleste atomhendingar er tidsfaktoren kritisk, og rett tiltak til rett tid kan gje betydeleg konsekvensreduksjon. Det er kriseutvalet som vil beslutte å sette i verk konsekvensreduserande tiltak i den akutte fasen av ei atomhending, som til dømes:          

  • Pålegge sikringa områder som er eller kan bli sterkt forureina          
  • Pålegge kortsiktige tiltak i produksjon av næringsmidler          
  • Gje råd om opphald innandørs for publikum (maks 24 timar)          
  • Gje råd om bruk av jodtablettar          
  • Gje kosthaldsråd, til dømes råd om å avstå frå eller begrense konsum av visse forureina næringsmidlar          

Kommunen sitt ansvar          

Kommunen si rolle og oppgåve ved ei atomhending vil vere å oppretthalde eigen tenesteproduksjon. Kommunen skal og bistå andre myndigheter med ansvar for gjennomføring av tiltak, generell ivaretaking av befolkninga sin sikkerhet og formidling av lokalt tilpassa informasjon, herunder og befolkningsvarsling.          

Krigen i Ukraina og betydninga for atomsikkerheit          

Dersom det skulle skje eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil konsekvensane for Noreg være avgrensa på grunn av avstanden. Sjølv ved eit stort utslepp i Ukraina, der vinden blåser mot Norge, vil det i hovudsak føre til tiltak i norsk matproduksjon. Statlege myndigheiter følgjer situasjonen i Ukraina tett (Direktoratet for strålevern og beredskap).          

Meir informasjon          

Stråletrygg kvardag (Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet)          

Radioaktivitet og mattryggleik (Mattilsynet)          

Atomberedskap (Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet)          

Kan det bli krig i Norge? (ung.no)