Kontrollutval

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føre løpande kontroll med kommunen si verksemd, og kommunale interesser i selskap. 

Dette for at innbyggarar og andre skal ha tillit til at kommunen leverer effektive tenester i samsvar med lover, forskrifter, statlege føringar og kommunestyrevedtak.

Kontrollutvalet spelar ei viktig rolle ved å vere kommunestyret si "vaktbikkje". Det er berre kommunestyret som kan pålegge kontrollutvalet oppgåver, ut over det som er pålagt gjennom lov og forskrift.

Gjennom å sørge for å sette etikk, samfunnsansvar og arbeid mot korrupsjon på dagsorden kan utvalet førebygge og bidra til gode, etiske holdningar og handlingar i kommunen.

“Kontrollutvalet er avgjerande for å oppnå ein velfungerande eigenkontroll i den enkelte kommune eller fylkeskommune”, heiter det på sida der regjeringa har publisert Kontrollutvalsboka 

Medlemmar i kontrollutvalet

Kontrollutvalet har fem medlemmar. Medlemmar og varamedlemmar av kontrollutvalet kan ikkje ha andre folkevalde verv enn det å vere kommunestyremedlem. Personar som har leiande stillingar i kommunale føretak og selskap kan heller ikkje veljast. Det same gjeld for tilsette i kommunen.

Leiar i kontrollutvalet er Svein Rune Johannessen medan Åse Marie Myren er nestleiar. Andre medlemmar er Bente Bruun, Hans Endre Sæterøy og Geir Stenseth.

Saksdokument og møteplan ligg direkte på sidene til Ålesund kontrollutval - Sunnmøre kontrollutvalssekretariat.

Sekretariatet for kontrollutvalet

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS er sekretariat. Det skal sjå til at sakene kontrollutvalet handsamar, er forsvarleg utgreidde og førebudde. Sekretariatet er ansvarleg for innkalling og utsending av saksdokument.

Kontrollutvalssekretariatet skal vere uavhengig i høve til både administrasjonen og revisjonen.

På nettsidene kontrollutval.no finn du meir informasjon.