Hovudutval for kultur og oppvekst

Barnehage, grunnskole, idrett, friluftsliv og kulturbygg er sentrale oppgåver for hovudutval for kultur og oppvekst.

Det politiske arbeidet på nivået under kommunestyret skal vere organisert som utval, oppretta med heimel i § 5-7 i kommunelova. 

Hovudutvala er saksførebuande organ for kommunestyret, men har og vedtaksmynde i saker, slik det går fram av vedtatt delegeringsreglement. Kvart hovudutval har 11 medlemmar.

Sjå medlemmar, møteplan og dokument for hovudutvalet.

Hovudutvalet for kultur og oppvekst har oppgåver knytt til barnehage, grunnskule, SFO, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og vaksenopplæring, pluss ulike tenester på kulturfeltet, idrett og friluftsliv, kulturbygg, frivillig arbeid/frivilligsentralar, flyktning og integrering. 

Hovudutvalet er eit fast utval etter kommunelova § 5-7 og har følgjande oppgåver og mynde i tråd med vedtekne retningsliner: 

  • Behandle og tildele Ålesund kommune sin kultur og idrettspris til person eller organisasjon som gjer ein særleg innsats for å fremje kulturarbeid og gjere kultur tilgjengeleg for innbyggarane i kommunen. 
  • Behandle og tildele Ålesund kommune sin kunstnarpris til kunstnarar på høgt nivå eller særleg talentfulle unge kunstnarar.